Når musikargruppa Trio Vest innleier programmet er plassane fylt opp ved alle bord i vestibylen på kulturhuset. Ved eitt av borda sit Annemor Rotevatn saman med Solveig Myhre Kvinnesland, som er i praksis som helsefagarbeidar ved Bakkatunet. For Rotevatn er musikken det viktigaste innslaget i programmet. Ho spelar fløyte sjølv, og har ved fleire anledningar spelt for dei andre på Bakkatunet. Når Trio Vest frå kulturskulen spelar musikk av Evert Taube med innslag av cello, tverrfløyte og klaver, beveg Rotevatn fingrane slik ho ville gjort dersom ho spelte musikkstykket sjølv på fløyta si.

Stor verdi for dei eldre

Både kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt og politikar Sigbjørn Framnes (Frp) er til stades under arrangementet. Dei er samde om at verdien av slike tilbod er stor.

- Det er fint at kommunen kan spela på dei interne kreftene me har, og tiltaket viser at ein med små summar kan gjere stor forskjell, seier Framnes.

Rektor ved kulturskulen, Åge Vallestad, fortel at ein håpar på å kunne fortsetje med tiltaket.

- Tilbakemeldingane me får frå dei tilsette ved institusjonane og frå dei eldre er at arrangementa er eit hyggjeleg tilbod. Me håpar på å få midlar til å kunne fortsetje, seier han.

Eit nasjonalt tiltak

Den kulturelle spaserstokken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet som blei etablert i 2007. Målet med tiltaket er å sørgje for at eldre deltek i sosiale aktivitetar og fritidstilbod med innslag av kunst- og kulturformidling av høg kvalitet. I tillegg vil ein leggje til rette for eit auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren.

I 2013 utgjer det samla tilskotet til kommunane 29,8 millionar kroner, med 14,9 millionar kroner over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett og 14,9 millionar kroner frå speleoverskotet til Norsk Tipping AS.