Gjennom dette arbeidet har dei utvikla tiltak i skulen, i den kommunale støttetenesta, i heimen og på fritidsarenaene til ungdommen. Eit av tiltaka er utvikling av aktivitetspark i sentrum av Leirvik som sosial møteplass for ungdom.

Filmen handlar om korleis parken vart til og inneheld intervju med både born og vaksne. Du får også sjå born som skatar og utøver parkour. Her kan du sjå filmen (Youtube):

Filmen er laga av Vestland Media/Peter Tubaas.

Parken er finansiert av kulturdepartementet, Norsk tipping, Vestland fylkeskommune, Aker Solutions Stord, Sparebankstiftelsen SR bank, Sparebanken vest og Stord kommune. Anlegget er utført av Betongpark AS og Engelsen Anlegg.