I samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 vert utkast til Norm for uteopphaldsareal ved bustadutbygging lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter førstegongs handsaming i formannskapet Stord kommune 06.12.2023.
Norma skal erstatta kommuneplanen sine føresegner §§1.21-1.28 om Leike- ute- og opphaldsareal.
Formannskapet ynskjer innspel til modellar som gir ein frikjøpsordning for uteopphalsareal i Leirvik og Sagvåg sentrum.