Stord kommune jobbar vidare med å sertifisere einingar som Miljøfyrtårn. I Kommunetyret i dag 24.november vart det delt ut diplom til to einingar som har jobba fram mot sertifisering i haust; Stord sjukeheim og Eining for kultur. Me gratulera desse med velfortent godkjenning som Miljøfyrtårn. 

Frå før har kommunen sertifisert rådhuset som hovudkontor, dei kommunale barnehagane og IKT-eininga. Innan nyttår skal eining for aktivitet og rehabilitering og tekniske tenester gjennom sine sertifiseringsmøter. Innan 2023 er målsettinga at alle kommunale einingar er sertifisert. 

Områder det vert gjort miljøtiltak i:

  • Innkjøp
  • Arbeidsmiljø
  • Transport
  • Avfall
  • Energi