Både politikarar, administrasjon og representantar frå fagforeininga var samla på Stord rådhus fredag 11. mars for signering av omstillingsavtale for Stord og Fitjar kommunar. Avtalen gjeld for endringsprosessane i samband med kommunesamanslåinga mellom Stord og Fitjar, som innbyggjarane no skal ta stilling til i ei folkerøysting.

I avtalen vert det mellom anna stadfesta at ingen tilsette skal seiast opp som følgje av omstillinga. Dersom det skjer endring i arbeidsoppgåver og tenestestad skal dette skje etter medverknad frå dei tilsette. Vidare heiter det at tilsette ikkje skal få reduksjon i løna si som følgje av kommunesamanslåinga.

Føremålet med avtalen er å gi nærare retningsliner for korleis omstillingsprosessen skal gjennomførast, for å sikra ein ryddig og føreseieleg prosess. Det er viktig for kommunane å slå fast at den enkelte tilsette har tryggleik i arbeidstilhøvet under omstillingsarbeidet.

Her kan du lesa omstillingsavtalen.