Personalet i den nye barnehagen heldt eit flott show for dei frammøtte på opninga av den nye barnehagen. Så var det ordføraren sin tur. Godt hjelpen av fleire ungar klypte ordførar Liv Kari Eskeland over snora til fiskegarnet og erklærte Sagvåg maritime barnehage for opna.

Ungane flokka seg rundt ordføraren for å hjelpa til med klyppinga og for å sjå kva som var inni alt innpakkingspapiret ho og barnehagekonsulent Sonja Sangolt hadde med seg.

Personalet i barnehagen tok oss med til Taremareby.– Den fine keramikkbåten kan de sjå på når det er dårleg vêr og de ikkje kan gå ut på sjøen. Klovnen skal symbolisera at de skal ha det gøy når de er i barnehagen, forklarte ordføraren.

Styrar Laila Tytingvåg kunne fortelja at personale har teke båtførarprøva og at dei no gler seg til båten som skal koma.  

Etter den ofisielle opninga vart alle dei frammøtte invitert inn på kafé i barnehagen.