Vinnarutkastet til ny Stord ungdomssskule er prosjektet "Konge på haugane " av L2 arkiteker AS. Dette vart kunngjort på ein pressekonferanse i kommunestyresalen torsdag 13. januar.

– Kongen på haugane er eit spennande prosjekt som møter dagens pedagogiske krav på ein strålande måte. Løysingane er fleksible og kan lett tilpassast ulike pedagogiske prinsipp, skriv ein samrøystes jury i si grunngjeving. 

Dei ulike romma i skulen som L2 har teikna er kompakt organisert rundt eit allrom med stort amfi. Innvendige trapper og heis ligg mot allrommet. Trinnareala har også eigen atkomst via utvendige trapper.

Spesialrom, fellesfunksjonar og hovedinngang ligg på bakkeplan. Undervisningsrom for dei tre klassetrinna ligg i 2. høgda.  

jakob bjellandKlar til skulestart 2013

Etter planen skal den nye skulen stå ferdig til skulestart i august 2013.  

– No er me på oppløpssida, og eg utfordrar det politiske miljøet til å finna ressursane slik at dette bygget kjem i gang etter planen, sa rektor John Karstein Raunholm. 

Framdrift 

– Arbeid med bearbeiding av vinnarutkastet og forprosjekt vil ta til i februar 2011. Målet er å ha forprosjektet ferdig innan 1. juli 2011, fortel prosjektleiar Kjell Nesbø.

Forprosjektrapporten skal godkjennast politisk før eventuelt oppstart av detaljprosjektering. Rapporten vil truleg verta lagt fram for godkjenning like etter sommarferien. Då vil ein eventuelt også ta stilling til entrepriseform.

Endeleg utbyggingsvedtak vert gjort av kommunestyret når det ligg føre kvalitetssikra kostnader for prosjektet. Tidspunkt for utbyggingsvedtak er ikkje fastsett.

Romma i prosjektet

Arkitektane med bilde av vinnarutkastet.

Prosjektet "Kongen på haugane" inneheld følgjande rom: 

  • Allrom med amfi
  • Bibliotek
  • Spesialrom
  • Undervisningsarealer trinn
  • Administrasjon og helsestasjon
  • Personalrom
  • Drift og tekniske rom
  • Festplass med uteamfi

Terrasse og skatepark

Terrasse mot nordaust i 2. høgda vil fungera som arena for utandørs undervisning og prosjektarbeid. Det er også høve til å bruka terrasseområdet til ei seinare utviding av skulen med tre klasserom.

På uteområdet er det også teikna inn varierte sitjeplassar langs støttemurar og i mindre og meir avskjerma sirkulære uterom med ulike fargar. Arkitektane rår også til at det vert anlagt ein skatepark på området vest for hovudinngangen, som eit fint supplement til idrettsparken.

God tilgjenge

Bygget har god tilgjenge med gjennomgåande etasjar utan nivåforskjelllar og sentralt plassert heis. Uteareala er, i følgje prosjektbeskrivelsen, tilpassa krav til universell utforming i så stor grad som mogleg i eit såpass bratt terreng.

Les prosjektbeskrivelsen frå L2 arkitekter AS

Bildene

Øvst: Fasadeskisse frå nord av vinnarutkastet "Kongen på haugane"
Midten: Komitéleiar Jakob Bjelland kunngjer vinnaren av arkitektkonkurransen.
Nedst: Arkitektane Jon Inge Bruland(t.v.) og Jon Flatebø frå L2 arkitekter AS med skisse av vinnarutkastet.