Kommunal Rapport vil med kommunebarometeret identifisere kva for kommunar som står overfor dei største økonomiske og geografiske utfordringane i åra som kjem. Ved å rekne ut 11 indikatorar innan befolkning, sysselsetjing og økonomi, har dei rekna ut kor stort økonomisk handlerom dei norske kommunane vil ha i 2020.

Sjå overiskta her

For Stord sin del peiker tala i hovudsak i positiv retning. Folketalsutviklinga ser god ut, der Stord får karakteren 4,8 av 6. Det økonomiske handlingsrommet innan grunnskule og eldreomsorg er også spådd å vere godt over det nasjonale snittet, med karakter på høvesvis 4,4 og 4,4. Men det står ikkje like bra til med spådomane om korleis driftsresultatet og dispensasjonsfondet (oppsparte midlar) i Stord kommune vil sjå ut i 2020. Her får Stord høvesvis 3.3 og 3.1 i karakter.

Avisa skriv at det er dei allereie hardt pressa distriktskommunane som kan vente seg dårleg økonomisk utvikling. Kommunar med folkenedgang kombinert med låg sysselsetjing kan vente seg ei vanskeleg tid. Kommunal Rapport har ikkje teke høgde for ulike scenario når det gjeld den usikre utviklinga av industriarbeidsplassar i Stord, då dette kan truleg slå inn ulikt i høve til det økonomiske handlingsrommet til kommunen.

I vårt distrikt er det Os kommune som ligg aller best an, med ein femteplass nasjonalt.