Rektor Liv Skjønberg held tale ved opning av nybygg på Hystad skuleTysdag var det pomp og prakt ved Hystad skule, då elevane endeleg fekk ta del i opninga av det etterlengte påbygget. I strålande haustsol klypte ordførar Harry Herstad snoren, med god støtte av to elevar som haldt snora. Det var flott underhaldning under opninga, med blant anna Hystad skule sitt eige barnekor. Som hør og bør song dei mellom anna Hystad-songen, ein song laga av elevar og lærarar på skulen.

To av veteranana frå bandet The Chiclets stilte også opp med levande musikk.

Til stades ved opninga forutan ordføraren var rådmann Magnus Mjør, prosjektleiar i Stord kommunale eigedom Øyvind Dahl, og kommunalsjef for oppvekst og utdanning Mariann Jacobsen Hilt.

Det flotte nybygget på skulen husar fire klasserom for 4. og 5. klassetrinn, og erstattar den gamle paviljongen som vart rive i fjor. Prosjektet har kosta totalt 14 millionar kroner, og er teikna av Link Arkitektur.

Bilete i artikkel: rektor Liv Skjønberg.