- Me har tatt utgangspunkt i førespurnadar frå barnehagar i Stord kommune og har no fire barnehagar som skal ta i bruk kartleggingsverktøyet i løpet av 2014, fortel psykolog Elin Gram Eggestøl Børve.

Ho jobbar ved PPT i eininga for sosial og førebyggjande tenester i Stord kommune, og har saman med pedagogisk-psykologisk rådgjevar Ingrid Helen Mjelde spelt ei sentral rolle når barnehagetilsette har fått opplæring i kartleggingsverktøyet «Ages and Stages Questionnaire». Dette er eit skjema for vurdering av borns generelle utvikling.

- Det er frivillig for foreldre å fylle ut skjemaet, men målet er å oppdage barn som strever for tidleg å kunne setje i gong tiltak rundt barnet, seier psykologen.

Aldersspesifikke skjema

Med bakgrunn i svara frå foreldra vert fem ulike utviklingsområdar hos born i alderen 4-60 månader vurdert.

- Kvart skjema har tretti spørsmål som dekkjer områda kommunikasjon, grovmotorikk, finmotorikk, problemløysing samt personleg og sosial utvikling, opplyser Eggestøl Børve.

Dei fire barnehagane som tek i bruk kartleggingsskjemaet er Skogatufto barnehage, Furuly barnehage, Sæverhagen barnehage og Naustvågen barnehage.