Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Gisle Østrem
Publisert:  23.02.2010
 
Oppdatert: 23.06.2011

Klubbstyre

I alle fritidsklubbar i Stord kommune skal det vera eit klubbstyre. Klubbstyret er ei gruppe med medlemmar frå klubben.Desse har til oppgåve å få til ein klubb slik fleirtalet av medlemmane ønsker det skal vera. Klubbstyret skal velgast av medlemmane ved valg i byrjinga av kvart klubbår (om hausten).

Klubbdemokrati betyr at det skal vera demokratiske styreformer i klubben.
Ordet demokrati er gresk og tyder folkestyre. Eit demokratisk styrt land er altså eit land der folket bestemmer.

I Litlabø Fritidsklubb er det medlemmane som skal bestemme. Klubben er ikkje laga for dei vaksne som jobbar der, men for ungdommen som brukar den. Med det meinar ein ikkje at dei unge som går der skal kunne gjere nett kva dei vil, men: brukarane av klubben skal ha høve til å forme klubben etter sine eigne ønsker slik at aktivitetane som foregår der er det medlemmane har mest lyst til.

Dei som skal sitte i klubbstyret vert valgt direkte på allmøte. Allmøte er klubbens høgaste organ. Alle viktige saker som vedkjem medlemmane direkte skal avgjeras på allmøte ved avstemming. I klubbstyret skal det vera minst 5  representantar.

Opningstider

Måndagar og torsdagar kl 18:30-21:15

Klubbleiar: 

Gisle Østrem.
Tlf. 975 52 005

Opningstider:

Måndagar og torsdagar

Kl 18:30-21:15

Litlabø fritidsklubb høyrer til

Kulturtenester i Stord kommune.