'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
folk i borggata
Av:  Martin Dahle
Publisert:  16.11.2009
Foto: Marius Hope
Oppdatert: 27.06.2014

Om Stord

Fakta

  • Verdas største nynorskkommune
  • Senter for leverandørretta oljeindustri i Norge. Større verksemder er Kværner Stord AS, Aker Elektro AS, Wärtsilä AS og Apply Leirvik
  • Regionsenter i Sunnhordland. Sunnhordlandsregionen har ca 60 000 innbyggjarar fordelt på 7 kommunar
  • Høgskulesenter - Høgskolen Stord/Haugesund
  • Sjukehus – Stord sjukehus
  • Flyplass – Stord lufthamn
  • Kommunesenter: Leirvik
  • Areal: 144 kvadratkilometer
  • Folkeltal: cirka 18 000
  • Arbeidsplassar:  cirka 9300
    - Tenesteyting privat/off.: 67,2 %
    - Industri, bygg/anlegg:  31,9 %
    - Primærnæringar: 0,6 %

Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom  Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund.

Vekst og endring

Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.

Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.

Alt er nært

Ikkje minst er Stord byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur.

Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM