'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 01.03.2013

Miljøsertifisering

Stord kommune er medlem i miljøfyrtårn. Det gjer at verksemder i kommunen har anledning til å syne sitt miljøarbeid ved å verte sertifisert som miljøfyrtårn.

Miljøfyrtårn-logoStiftinga miljøfyrtårn tilbyd miljøsertifisering for små og mellomstore verksemder, både offentlege og private. Sertifiseringa hjelp verksemdene til å drive miljøvenleg og lønsamt. Miljøfyrtårn er ei norsk offentleg sertifiseringsordning, som vert støtta og anbefala av Miljøverndepartementet.

Lønsamt, konkret, relevant og enkelt

Tiltaka skal vere:

  • lønsame ut frå bedrifta sin økonomi, dei ansatte si helse, bedrifta sitt nærmiljø og miljøet globalt sett
  • konkrete og målbare
  • relevante, og tilpassa den enkelte bransje
  • enkle – effektive, praktiske og brukarvenlege

Me ynskjer å ha dykkar verksemd med!

Gjennom arbeid med den kommunale klima- og energiplanen har Stord kommune vedtatt å satse på mijløfyrtårnsertifisering. Kommunen skal sertifisere sine eigne verksemder, og oppmodar private verksemder  til å gjere det same. Stord kommune ynskjer å profilera miljøsertifiserte verksemder.

Også Hordaland fylkeskommune satsar på miljøsertifisering. Dei har m.a. satt som mål at alle offentlege og private verksemder i Hordaland med minst 10 tilsette skal vere miljøsertifisert innan 2020. Minst 25 % skal vere miljøsertifisert innan utgangen av 2013 (Klimaplan for Hordaland 2010 – 2020).

Arbeid fram mot sertifisering

For å verte sertifisert må verksemda oppfylle eit sett generelle bransjekrav, og eit eller fleire sett bransjekrav for den aktuelle bransjen. Saman med ei miljøgruppe i verksemda vil ein konsulent vegleie verksemda fram til sertifisering. Gjennom ein miljøanalyse vert dei felta som treng forbetring identifisert, og konsulenten bidreg med råd til aktuelle tiltak for forbetring. Når verksemda har gjennomført dei nødvendige tiltaka er den klar for sertifisering. Det er vertskommunen som har ansvar for sjølve sertifiseringa. Stord og Fitjar har eigen sertifisør som gjer denne jobben. Sertifisøren si oppgåve er å kontrollere at bransjekrava er oppfylt, ut frå konsulenten sin rapport og besøk hjå bedrifta. Arbeid fram mot sertifisering tar vanlegvis 2-6 månadar.

Vidare arbeid etter sertifisering

Verksemder som er sertifiserte skal årleg levere miljørapport. Til denne følgjer miljøhandlingsplan for det komande året. Konsulenten skal bidra til at det vert etablert rutinar for føring av miljørapportar. Miljøfyrtårn- sertifiseringa er gyldig i 3 år, etter tre år treng verksemda ei resertifisering. Verksemda vil få melding at det er tid for resertifisering i god tid før fristen. Resertifisering skjer etter dei til ei kvar tid gjeldande bransjekrav.

Bransjekrav

Alle verksemder skal oppfylle generelle bransjekrav 
I tillegg skal verksemda oppfylle minst eit sett spesifikke bransjekrav 

Konsulenten vil bidra med å finne rette sett med krav. Konsulenten vil gå gjennom krava saman med verksemda, og vegleie i prosessen med å oppfylle desse.

Konsulent

Før sertifisering må ein nytte ein godkjend miljøfyrtårnkonsulent. Større verksemder kan nytte t.d. miljøansvarleg som internkonsulent, denne må då gjennomføre stiftinga sitt konsulentkurs.
Finn godkjende konsulentar (søk etter konsulent):

De kan og nytte søkefunksjonen t.d. til å finne andre verksemder innan dykkar bransje som er sertifisert.

Kostnader

Sjå informasjon om prisar og gebyr på stiftinga sine nettsider:

Vidare info

For vidare informasjon om sertifisering som miljøfyrtårn sjå stiftinga sine nettside www.miljofyrtarn.no. Har de spørsmål så ta kontakt med konsulent, eller kommunen sin kontaktperson.

Kontaktperson for miljøfyrtårn i Stord kommune er Bjørnar Løkstad 
Ta kontakt på telefon 53 45 85 40 eller e-post bjornar.lokstad@fitjar.kommune.no

 

Aktuelle einingar

Sertifiserte bedrifter

Kontaktinformasjon SFLMK

Hovudkontoret:

Besøksadr. : Fitjar Rådhus, (1. etg.), Fitjar
Telefon/fax: 53 45 85 00 / 53 45 85 01
Postadresse: 
Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor
postboks 83, 5418 Fitjar

Opningstid: Måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00 
  

Kontor på Leirvik:

Kontaktpersonar: Alle tilsette
Telefonar: 53 45 85 00 (Fitjar) / 53 49 68 22 (Leirvik)
Besøksadresse:  Rådhuset, Leirvik

Opningstid: Ta kontakt med dei tilsette for nærare avtale

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM