Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  02.06.2009
 
Oppdatert: 04.10.2011

Utekontakten

Utekontakten på Stord er ei kommunal teneste for ungdom med to tilsette i fulle stillingar. Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenga rettleiing, råd og hjelp når det gjeld:

  • Skule
  • Familie
  • Konfliktar
  • Rus
  • Jobb og fritid
  • Helse
  • - eller andre ting som opptek deg nett no

Me har teieplikt
Det betyr at det me snakkar om blir mellom oss. Har du eit problem me synst er veldig alvorlig vil me diskutera dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpe deg betre enn oss. Utekontakten kan hjelpa deg å komme i kontakt med desse.

Råd og rettleiing
Utekontakten bidreg også med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt med oss. Me samarbeider med andre som har kontakt med og jobbar for ungdom på Stord. Dette kan vera skular, fritidsklubbar eller ungdommen sitt eige nettverk.

Terskelen for kontakt er låg
Dersom du vil ha råd og tips, kanskje du er bekymra for en venn og lurer på kva du skal gjera? Ring, send en e-post eller stikk innom.

Her kan du vera deg sjølv! 

Kontakt oss

Telefon: 53 49 66 44

Besøksadresse
Osen 8, meieribygget, 2.etasje

Postadresse
Utekontakten,  Postboks 304, 5402   STORD

Epostadresse
utekontakten (a) stord.kommune.no

Kontaktpersonar
Cecilie Berger
tlf: 97 55 21 24

John Henrik Staveland-Sæter
tlf: 97 55 21 21

"Open ståva" hos Utekontakten:

"Open ståva" betyr at du kan komma innom i ståvo, spela kort eller biljard, prata om laust og fast, eller berre vera..

Måndag 14.00-15.30 eller 15.00-17.30*
Tysdag 14.00-15.30        
Onsdag 12.00-14.00  
Torsdag 14.00-15-30 eller 15.00-17.30*
Fredag  12.00-14.00  

                                                                                                                                  *Måndagar og torsdagar vil me ha ettermiddagsope annankvar veke; måndagar i oddetalsveker, torsdagar i partalsveker.

Me er sjølvsagt tilgjengelege for avtalar også utanom desse tidene. Ta kontakt med oss ved å banka på, ringa/sms, på e-post eller facebook.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM