Søknad og tildeling av plass/tenester

Søknad og tildeling av tenesta vert handsama av Tildelingskontoret. Romma er umøblerte, og dei som får plass møblerer romma sine sjølve eller saman med pårørande.

Bebuarane dekkjer utgifter på same måte som om dei bur i eigen heim. I eigenbetalinga ligg betaling for husleige m/straum, mat, leige og vask av handklede/sengetøy og privattøy. Kommunen vaskar fellesrom etter faste satsar. Det er høve til å søkja om tekniske hjelpemidlar frå Hjelpemiddelsentralen.

Visjon

Kultur, trivsel og omsorg i kvardagen

Mål

  • Knutsaåsen Omsorgssenter skal vera open og ein del av Stordsamfunnet.
  • Alle som har heimen sin her, deira pårørande og alle andre som vitjar oss skal kjenna seg velkomne.
  • Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø.
  • Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie.
  • Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg.
  • Samarbeida med pårørande for å oppretthalda det sosiale nettverket til bebuarane.
  • Utøva oppgåver av fagleg høg kvalitet overfor bebuarar og pårørande.
  • Gje personar under utdanning gode læresituasjonar.
  • Personalet har høg fagkompetanse

Avdeling 1, Somatisk

Avdelingssjukepleiar

Lidveig Stubhaug

Send e-post til Stubhaug

Assisterande avdelingssjukepleiar

Torill Eskeland

Send e-post til Eskeland

Måltid:

Frukost: ca kl 09.00

Middag: ca kl 12.45

Kaffimåltid: ca kl 15.30

Kvelds: ca kl 19.00

Vi ber om at det er ro rundt måltida.  V/besøk kan måltida bli servert på rommet, eller besøkjande kan venta på rommet til bebuaren.

Avdeling 2, Demens

Avdelingssjukepleiar:

Randi Henriksen
Send e-post til Henriksen

Assisterande avdelingssjukepleiarSolgun Hovland 

solgun.hovland@stord.kommune.no 

Måltid

Frukost: ca kl 09.00

Middag: ca kl 12.45

Kaffimåltid: ca kl 15.30

Kvelds: ca kl 19.00

Vi ber om at det er ro rundt måltida.  V/besøk kan måltida bli servert på rommet, eller besøkjande kan venta på rommet til bebuaren.

Kva må du ha med deg når du flyttar inn

Har ein seng frå Hjelpemiddelsentralen heime, skal denne flyttast til Knutsaåsen, ta kontakt med Tildelingskontoret. Dersom ein ikkje har ei slik seng i heimen, blir den bestilt på Knutsaåsen. Me har "låneseng" til den kjem. Eventuelle andre hjelpemidlar som ein har heime må og takast med, VIKTIG. Dersom ein er usikker på kva hjelpemiddel som skal takast med, ta kontakt med Tildelingskontoret i Stord kommune. 

  • Dyne og pute, eventuelt pledd eller sengeteppe.
  • Møblar -slik at det blir heimekoseleg og praktisk, men ikkje overmøblert.
  •  Bilder til å ha på veggen. Gjerne også fotoalbum
  • Alle klede må vera merka med fullt namn og nr. 13 ( bruk merkelappar som ein syr på kleda)  
  • Ta med tøy som toler maskinvask.
  • Toalettsaker
  •  Alle medisinar som ein brukar/ inkontinensutstyr og reseptar
  •  Lystette gardiner (gjeld avdeling 1)
  •  Lampar (vegglampe og golvlampe)
  •  Me ynskjer ikkje teppe på golvet

Husk å melda flytting/ adresseforandring til Folkeregisteret

Post og rekningar: Skal pårørande ha post? Kven skal ta ansvar for betaling av rekningar? Kan desse omadresserast direkte til mottakar?

Ein betaler leige til ein har flytta ut av rommet. Ved dødsfall ser me helst at ein flyttar ut innan 2 dagar). Rekning på utvask blir sendt til leigetakar.

Informasjon om Knutsaåsen Omsorgsenter

Bustad/Lokale:

Dei som bur her leiger kvar sitt rom på om lag 20 kvadratmeter, med eige bad. Elles har ein felles kjøkken og stove på kvar gruppe samt ei ”Storstove” der ein har tilstellingar for alle. I avdeling 1 har alle romma direkte utgang til altanar/hage. Alle stovene og kjøkkena har også utgong til terrasse og hage.

 Det må vera plass til rullestol, rullator eller andre hjelpemidlar dersom dette er aktuelt.

Det skal teiknast ein husleigekontrakt med Stord Kommune. 

For dei som ynskjer å feira t.d. runde dagar på huset, kan vi hjelpa til med å skaffa rom for å ta imot besøkande.

 

Organisering:

Knutsaåsen Omsorgssenter er organisert i to avdelingar og desse er igjen delt inn i grupper. Det er mellom 10 og 13 som bur i lag i ei gruppe. 

Knutsaåsen Omsorgssenter er organisert slik at det til ei kvar tid skal vera personale tilgjengeleg for den som treng hjelp. Bygget har sjukesignalanlegg på alle rom og fellesareal. Det er alltid fagpersonar som har ansvar for dei som bur her - dag, kveld og natt.

Tenester

Ein sender søknad om plass til Tildelingskontoret. Det blir då gjort ei fagleg vurdering av hjelpebehovet og ein får eit individuelt vedtak på personretta tenester og praktisk bistand. Med personretta tenester meiner ein til dømes hjelp til å vaske, kle seg og få i seg mat. Desse tenestene er gratis. Praktisk bistand er reinhald og rydding av rom og bad, vask av privattøy og tillaging av mat. Eigenbetalinga for dette blir rekna ut etter inntekt.

Betaling:

Husleige  etter satsar som du finn på Stord Kommune sine heimesider.

Privat innbu/ eigendelar vert ikkje forsikra av kommunen.

Legetenester:

Alle som bur på Knutsaåsen Omsorgssenter har høve til å nytta seg av sjukeheimslegen som kjem ein gong i veka. Denne tenesta dekkar kommunen kostnadane med.

Dersom det er behov for legevakt, polikliniske undersøkingar på sjukehuset, må brukaren sjølv betala eigendel for dette. Dette gjeld også transport til og frå sjukehuset, til tannlege, spesialist osv.

Medisinar:

Kvar enkelt må betale for eigne medisinar. Alt inkontinensmateriell får ein på blå resept. Dei som er minstepensjonistar har rett til å få att eigendelen på blå resept. Når ein har betalt 2185,-i eigenandel (eigenandelstak 1), får ein no frikort automatisk tilsendt i posten. Dette blir automatisk registrert.

Hjelpemiddel:

Personalet vil søkja ”Hjelpemiddelsentralen i Hordaland” dersom det er hjelpemiddel me meiner det er trong for.

Dersom ein ikkje kan skrive under sjølv, er det ynskjeleg at pårørande skriv under søknaden.

Post og rekningar:

Dersom ein ikkje kan ta seg av post og rekningar sjølv er det pårørande som må ta seg av dette. Det kan vera gunstig å omadressere viktig post og rekningar eller lage avtalegiro. (Apoteket tilbyr avtalegiro.) Dersom pårørande ikkje har høve til dette er det tilrådeleg å oppnemne ein verge. Fylkesmannen har ansvar for vergemålssaker.

Transportordning:

Det er høve til å søkja transportordning for funksjonshemma. Ein tek då kontakt med Kundetorget i Stord Kommune.

Bustønad:

Dersom ein har låg inntekt kan ein søkje bustønad frå Husbanken. Ein får søknadsskjema på Kundetorget. Og søknaden skal sendast til Kundetorget. Ein kan og søkje på Internett. www.husbanken.no. Obs! Husleigekontrakt må leggjast ved.

Husk å melda flytting og adresseendring.

Ein melder flytting til Folkeregisteret.

Nav og andre t.d. avis må få melding om adresseendring.

Merking av tøy:

Det er vaskeri på huset for vask av privattøy. Alt privattøy må merkast med fult namn og nr 13 Merkelappar kan bestillast hos www.sabo.no e.l. Viktig at desse lappane kan syast på. Klistrelappar fungerer ikkje

Frisør og fotpleie:

Det er høve til å nytta seg av frisør og fotpleiar som kjem regelmessig til Knutsaåsen, om lag ein gong i mnd. Ein gir då beskjed til personale om ein ynskjer dette. Betaling med vipps evnt. konto.

Verdisaker:

Det er ynskjeleg at ein tek minst mogeleg verdisaker med seg, og at ein berre oppbevarer lommepengar på rommet. Større beløp kan låsast inn. 

Diverse:

Det er ynskjeleg at pårørande kan vera med å halda orden i klesskap og skuffer, t.d. sjå etter om det er trong for nye klede, pynte til høgtider/rydde vekk etterpå osv. Om ein skal til tannlege, undersøkingar ved Sjukehuset o.s.v. er pårørande ansvarleg for å fylgje eller skaffe fylgje.

Toalettsaker:

Leigetakar må sjølv halde seg med såpe, sjampo, salver, tannkrem. Personale har høve til å bestille dette på apoteket for den enkelte dersom ein ynskjer det. Ein får då rekning på det.

Tannbehandling:

Behandling hos Folketannrøkta er gratis for dei som mottek helsetenester frå kommunen

(etter gjeldande reglar). Vil ein bruka privat tannlege, må ein kosta dette sjølv.

Måltid:

Frukost: ca kl 09.00

Middag: ca kl 12.45

Kaffimåltid: ca kl 15.30

Kvelds: ca kl 19.00

Me lagar fast “nattmat” til dei som ønskjer og treng det.

Besøk:

Vi har ikkje faste besøkstider - pårørande og andre kan komma når dei vil, men vi ber om at det blir ro rundt måltida. Spesielt i dementavdelinga er det viktig å unngå for mykje nye impulsar då dette lett skaper forvirring og uro. De står sjølvsagt heilt fritt til og avtala besøk heim for bebuar når de måtte ynskje det.

Bruk parkeringsplassane. Parker ikkje inntil huset tilfelle brann og utrykkingskøyretøy.

Velferdsutval: Eit politisk oppnemnt utval som skal sjå etter brukaren sitt ve og vel med tilsyn fleire gonger årleg.

Trivsel og samarbeidsforum: Deltakarar her er valde representantar frå pårørande, representant frå eldrerådet og leiinga ved Knutsaåsen.

Utvalet har som målsetjing å fremja trivsel og velferd for bebuarane, og skal vera ein enkel kommunikasjonskanal for bebuarar og pårørande til leiinga ved Knutsaåsen Omsorgssenter.

Sjå oppslag på kvar avdeling med namn på deltakarane.

 

Vårt mål og ynskje er at både du som skal bu her og du/de som pårørande vil trivast hos oss, og at Knutsaåsen Omsorgssenter kan vera så heimsleg som mogeleg og opplevast som ein trygg og god stad å bu og besøkja.

Bruk romma her, ta gjerne med kaffi og mat, og finn dykk til rette. Me har både pårørandekjøkken og pårøranderom.

Er det noko du lurer på så ring gjerne til oss, eller kom innom for å sjå deg om.

Du og dine er hjarteleg velkommen til oss!

Helsing personalet ved Knutsaåsen Omsorgssenter

Aktivitetar

  • Andaktar av prest og frivillige
  • Frelsesarmeen annankvar tysdag på føremiddag
  • Stovegubbane annankvar tysdag på føremiddag 
  • Kaffikos der lokale musikarar kjem annankvar tysdag formiddag
  • Røde-kors kafe
  • Høgtlesing av bladet Sunnhordland
  • Arrangement i samarbeid med biblioteket/kulturskulen
  • Besøk av barnehagar, kor og andre frivillige

Andre tilbod

  • Legetilsyn ein gang i veka
  • Fotpleiar - betaling med vipps, eventuelt konto
  • Frisør - bealing med vipps, eventuelt konto
  • Tannpleiar