Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  22.05.2017 13:00
 
Oppdatert: 15.06.2017 10:40

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd i 1991 eller seinare

Unge kvinner er tilrådd vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Vaksinen kan førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft.

Kvinner fødd i 1991-1996 får tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld også for kvinner som er fødd i 1997 eller seinare, dersom dei av ulike grunnar ikkje har fått HPV vaksine i grunnskulen.

Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser, og må startast innan utgangen av 2018. Det skal vere minimum 1 mnd. mellom 1. og 2. dose og minimum 5 mnd. mellom 2. og 3. dose. Maksimum intervall mellom 1. og 3. dose er 1 år.

Følgjande tilbod gjeld for både 1., 2. og 3. dose ved Stord helsestasjon (Myro):

  • Tysdag 20. juni klokka 14.00-15.30
  • Torsdag 22. juni klokka 14.00-15.30 

Nærare informasjon får de ved å kontakte Førebyggjande helsetenester v/leiande helsesøster Sigrun Helland, tlf. 53 49 69 85/957 76 434.

 

For meir informasjon om HPV og HPV-vaksine:

Folkehelseinstituttets nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

 

 

 

 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen