Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  14.12.2017 09:17
 
Oppdatert: 03.01.2018 09:24

Har ditt firma kompetanse på å oppgradere eller bygge hus der universell utforming og branntryggleik står i fokus?

Gjennom prosjektet "Godt å bu heime" skal Stord kommune følgja ein familie som bygg nytt eller oppgraderer i høve universell utforming. Me søkjer firma som kan gje råd og rettleiing undervegs.

Stord kommune søkjer gjennom prosjekt «Godt å bu heime» føretak innan bygg- og anlegg (gjeld firma som anten planlegg, utfører eller begge deler) på Stord som kan tenkje seg å fylgje ein familie som har planar om å oppgradere eller byggje nytt hus der universell utforming og branntryggleik står i fokus. Føretak innan bygg- og anlegg skal fylgje familien i prosessen og gje dei råd og rettleiing undervegs.

Bakgrunn for prosjekt «Godt å bu heime» er eit ynskje om at fleire skal ha ein bustad som gjer at dei kan bu der uavhengig av livssituasjon. Med prosjekt «Godt å bu heime» vil ein informere og gje råd til innbyggjarar, unge og eldre, om at det er lurt å tenkje at dei skal kunne bu i huset sitt heile livet om dei ynskjer det. Det er ikkje greitt å måtte flytte ut av heimen fordi det har skjedd ein skade eller ein vert råka av sjukdom.

Til dette treng Stord kommune hjelp frå føretak innan bygg og anlegg på Stord som har interesse av og kunnskap om korleis gjere ein heim tilgjengelig, funksjonell og brannsikker, og der det estetiske og vakre er ein del av heilskapen.

Informasjon til innbyggarane om ulike sidar ved det å oppgradere eller bygge på ein slik måte at dei kan bu i huset uansett livssituasjon, vil bli formidla gjennom facebookside, små filmsnuttar vist ulike stadar, brosjyre og ved personleg kontakt og møter. Firma som blir vald til å delta i prosjektet vil bli vist fram gjennom dei same informasjonskanalane. Det inneberer positiv omtale av firma, og ein vil kunne påverke korleis ein i framtida skal utforme bustader med universell utforming og branntryggleik i Stord kommune.

Søknaden skal innehalde kva fag firmaet representerer, erfaring med universell utforming og branntryggleik og kor mykje tid firmaet kan bruke på å fylgje prosessen.

Send søknad til:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

Merk konvolutten «Godt å bu heime»

e-post: post@stord.kommune.no

For meir informasjon ta kontakt med Astrid Larsen, mob: 975 52 231

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen