Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
to hender som set på giftering
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.09.2017 13:34
 
Oppdatert: 01.09.2017 14:06

Kommunale vigslar frå 2018

Stortinget har no vedteke at vigselsmynde skal overførast frå tingretten til kommunane.

Ekteskapslova er endra slik at ordførarar, varaordførarar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gir slik mynde, får mynde til å vigsla par.

- Det er enno ikkje fastsett når denne lovendringa skal tre i kraft, men det er sagt at den skal gjelda frå 1. januar 2018, seier rådmann Magnus Mjør. Me ventar no på eit rundskriv frå departementet som skal gjera nærare greie for ordninga og gje råd om korleis kommunane bør førebu seg på den nye oppgåva. Me lyt starta planlegginga så snart me får desse avklaringane, me har alt fått førespurnader om å utføra vigsel til neste år.

Kommunane må frå lova trer i kraft vera klar til å ta imot brurepar som ønskjer å gifta seg borgarleg. Tilbodet skal vera godt og tilgjengeleg. Kommunen vert plikta å ha eit kommunalt vigselstilbod til eigne innbyggjarar og personar som ikkje er busette i Noreg og kommunen sitt alminnelege vigseltilbod til desse skal vera gratis. Dersom det vert opna for å vigsla utanfor kommunen sine lokale, ut over ordinære opningstider eller for brurefolk som ikkje er busette i kommunen, så kan kommunen krevja å få dekka meirkostnadene med det.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen