Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  25.10.2017 09:09
 
Oppdatert: 06.12.2017 10:53

Invitasjon til open prekvalifisering - kunst Stord sjukeheim

Det skal velgast ut to eller fire kunstnarar/kunsthandtverkarar/grupper, til lukka konkurranse om oppdrag ved Stord sjukeheim i Stord kommune i Hordaland.

Profesjonelle kunstnarar og kunsthandtverkarar som bur og arbeider i Noreg vert invitert til å melda interesse for prosjektet og senda eigenpresentasjon.

Kort om prosjektet

Stord sjukeheim i Leirvik i Stord kommune skal utvidast, og i dette høve er det sett av midlar til permanent kunst i nybygget.

Midlane vert fordelt på to separate underprosjekt som skal plasserast i området rundt inngangspartiet - eitt utandørs og eitt innandørs.

Desse områda, spesielt uteområda, vil m.a fungera som ei ramma rundt sosiale situasjonar der pasientane er saman med familiane sine. Det gjer staden til ein møtestad på tvers av generasjonane, og det bør vera prega av så høg kvalitet som mogleg, også visuelt.

Fullstendig kunstplan finn du her.

Lukka konkurranse

På bakgrunn av innkome materiale i prekvalifiseringen vurderer kunstkomiteen om det skal utpeikast:

  • alt 1: to konkurrentar til kvar av dei to underprosjekta. Altså fire kandidatar.
  • alt 2: to konkurrentar som konkurrerer om både inne- og uteområdet samla.

Honorar for deltaking i konkurransen er 25 000 kr pr deltaker ved alt 1, og 35 000 kr ved alt 2. For dei kandidatane som blir tildelt oppdrag er konkurransehonoraret inkludert i det samla honoraret for oppdraget. Kunstkomiteen tek atterhald om at ein ikkje vel nokon av alternativa dersom ein finn at dei ikkje tilfredsstiller forventningane i kunstplanen og konkurransedokumenta.

Oppstart på konkurransen er sett til siste del av februar 2018 og vert avslutta siste del av april 2018. Konkurransen starter med felles synfaring for alle deltakarane.

Framdrift og budsjett

Prosjektet er forventa ferdigstilt sommaren 2019.

Samla arbeidsbudsjett er på 735 000 kroner. Dersom det vert peika ut to aktørar til å utføra kvar sitt underprosjekt vert midlane fordelt med 500 000 kr til utandørs prosjekt og 235 000 til innandørs prosjekt.

Til prosjektet søkjer me kunstnarar/kunsthandtverakarar som:

  • Meinar dei har nokok å tilføra eit prosjekt som dette.
  • Har evne til samarbeid og dialog.
  • Har ein viss finføling for menneskelege/psykologiske forhold og forståing for sosiale situasjonar, samt korleis fellesrommet sin utforming og visuelle kvalitetar påverker dette.
  • Har tid og kapasitet til å starta arbeidet relativt snart.

Krav til innsendt materiale

Må innehalde:

  • Presentasjon av eigen tidlegare verksemd gjennom tekst, bilete og evt video. Innsendarar vert bedd om å legga vekt på å presentera prosjekt som er relevante for denne typen oppdrag.
  • Oppdatert CV
  • Evt lenke til heimeside eller andre webstadar med utfyllande informasjon.
  • Kortfatta grunngjeving for interessa for prosjektet. Me ønskjer ikkje skisser eller konkrete forslag til løysingar, men ein kan, dersom ein ønskjer det, gjere greie for for sine generelle tankar om prosjektet.
  • Presiser om interessa gjeld begge underprosjekta, eller eventuelt kva for eitt.

Materialet må presenterast på ein mest mogleg samla og oversiktleg måte. Dersom mogleg, unngå lause tekst- og biletfiler, men samla materialet i ein enkel PDF, Powerpoint-presentasjon e.l. Bruk filformat som krev standard programvare for å vises.

For video må ein senda videolenke eller videofil (unngå store og tunge filer).

Innleveringsfrist: 8. januar 2018

Presentasjonane skal sendast digitalt til kunstkonsulent Bernhard Østebø, e-post: bern-art@haugnett.no.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen