Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.03.2017 13:14
 
Oppdatert: 17.03.2017 13:19

Kunstfagleg prosjektleiar for ny sjukeheim på Stord

På vegne av Stord kommune lyser Hordaland kunstsenter ut oppdrag som kunstfagleg prosjektleiar for et ny sjukeheim.

Ny sjukeheim er plassert i Bandadalskvartalet i lag med eksisterande sjukeheim. Bygget skal ha 48 bebuarrom. Bruttoareal på 4494 m² er fordelt på 4 etasjar.

Arkitektkontor: Brekke Helgeland Brekke AS

Det er sett av kr 1 million til utsmykking, inkl. honorar for kunstfagleg prosjektleiar ( med timesats på kr. 626,-) og 5% til BKH-avgift. Kunstfagleg prosjektleiar skal vera leiar for utsmykkingskomiteen, og ha ansvar for at kunstprosjektet vert gjennomført etter tildelt mandat og innanfor kunstprosjektet si budsjett- og tidsramme. Komiteen består av, i tillegg til kunstkonsulenten, prosjektleiar for byggenemnda, arkitekt, brukarrepresentant og representant frå fondsstyret.

Krav til søkjar:

Kunstfagleg prosjektleiar lyt ha kunstfagleg utdanning på minimum masternivå, kunne arbeide sjølvstendig, og ha gode samarbeidsevner. Dersom du ønskjer å søkja på prosjektstillinga, ber vi deg om å skriva om motivasjon din for dette prosjektet og link til heimesida/oppdatert CV.

Dersom du ikkje har heimeside, legg ved 1 PDF med billeddokumentasjon, maks 2 MB, og 1 PDF/Worddok. med CV. Dokumentnamn skal skrivast slik:

Etternamn, fornamn_dok og Etternamn, fornamn_CV

Signér med fullt namn.

Frist: 12. april 2017

Søknad sendes til prosjektleiar for kunst i offentleg rom ved Hordaland kunstsenter, Petra Rahm: petra@kunstsenter.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen