Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.03.2017 13:10
 
Oppdatert: 17.03.2017 13:20

Kunstfagleg prosjektleiing for aktivitetssenter på Stord

På vegne av Stord kommune lyser Hordaland kunstsenter ut oppdrag som kunstfagleg prosjektleiing for dagaktivitetssenteret Sæbø Gård.

Sæbø gard er eit aktivitets- og arbeidstilbod for personar med utviklingshemming. Garden ligg i Kårevik, heilt sør på Stord, fem kilometer frå Leirvik sentrum.

Nytt dagaktivitetsenter har eit bruttoareal (BRA) på 806 m2 . Ein god del av aktivitetane vil vera knytte til uteområdet. Det er lagt vekt på at utomhusarealet skal vera ein integrert del av gardstunet.

Arkitektkontor: JK-arkitektur as

Det er sett av kr 300 000, til utsmykking, inkl. honorar til kunstfagleg prosjektleiar ( med timesats på kr. 626,-) og 5% til BKH-avgift. Kunstfagleg prosjektleiar skal vera leiar for utsmykkingskomiteen, og ha ansvar for at kunstprosjektet vert gjennomført etter tildelt mandat og innanfor kunstprosjektet si budsjett- og tidsramme. Komiteen består av, i tillegg til kunstkonsulenten, prosjektleiar for byggenemnda, arkitekt, brukarrepresentant og representant frå fondsstyret.

Krav til søkjar

Kunstfagleg prosjektleiar lyt kunne arbeide sjølvstendig, og ha gode samarbeidsevner. Dersom du ønskjer å søkja på prosjektstillinga, ber vi deg om å skriva ein tekst om motivasjon din for dette prosjektet og link til heimesida/oppdatert CV.

Dersom du ikkje har heimeside, legg ved 1 PDF med billeddokumentasjon, maks 2 MB, og 1 PDF/Worddok. med CV. Dokumentnamn skal skrivast slik:

Etternamn, fornamn_dok og Etternamn, fornamn_CV

Signer med fullt namn.

Frist: 12. april

Søknad sendes til prosjektleiar for kunst i offentlig rom ved Hordaland kunstsenter, Petra Rahm: petra@kunstsenter.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen