Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  25.07.2017 09:53
 
Oppdatert: 25.07.2017 09:56

Nye eigenbetalingar

Frå 1. september vert det eigenbetaling på kommunale hjelpemiddel, servicetenester, gruppetrening og Frisklivsresept.

I budsjett 2017 var det lagt opp til eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod. Desse tilboda har til no vore gratis. Betalingssatsane vart vedteke i møte i Komite for rehabilitering, helse og omsorg 23. februar 2017.

Oversikt over satsane:

  • Utlån av kommunale hjelpemiddel, eigenandel kr 100 pr. hjelpemiddel, men med eit tak på kr 500 ved lån av fleire hjelpemiddel i same utlånsperiode
  • Eigenandel på Frisklivtenester kr 300 pr. frisklivsresept
  • Eigenandel ved fallførebyggande kurs kr 300
  • Servicemedarbeidertenester kr 300 pr. time
  • Transport av hjelpemiddel kr 300 Me vil ikkje ta eigenandel for utkjøring av dei største og mest kompliserte hjelpemiddel der me ikkje kan forvente at ein kan flytte sjølv. Det er også gratis å få montert utstyr ein søkjer om til Nav, som til dømes støttestenger, tekniske anlegg som hørselshjelpemidlar osv.
  • Ved manglande oppmøte til avtalt time til fysio- og ergoterapi kr 250
  • For gruppetreninga som einingane driv er det ei semesteravgift på kr 300

 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen