Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.11.2017 13:14
 
Oppdatert: 17.11.2017 13:35

Tilskotsordning mot barnefattigdom

Stord kommune oppmodar offentlege instansar, private aktørar og frivillige lag og organisasjonar til å søkje om tilskotsmidlar i arbeidet mot barnefattigdom.

Tilskotsordninga er eitt av fleire tiltak i regjeringa sin strategi i å nå regjeringa sitt mål, om at alle barn uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha mogelegheit til å delta jamleg og saman med andre i minst éin organisert fritidsaktivitet.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å motverka og/eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogeleg ha låge eller ingen kostnadar.

Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som er råka av fattigdomsproblem. Saman med barn og ungdom inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som:

  • Bidrar til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar
  • Bidrar til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar
  • Bidra til deltaking for barn og ungdom råka av fattigdomsproblem på alternative meistringsarenaer

Les meir om tilskotsordninga på Bufdir si nettside

Kontakt

Spørsmål til tilskotsordninga kan rettast til kommunen sin kontaktperson på tilskotsordninga:

SLT-koordinator Bjarte Epland, epost: bjarte.epland@stord.kommune.no tlf. 48153218.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen