Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  05.10.2017 16:30
 
Oppdatert: 05.10.2017 16:52

Kunngjering av vedteken detaljregulering for rundkøyring Tveitakrysset og sykkelveg med fortau Heiane Vabakkjen

Kommunestyret vedtok i møte 21. september 2017 detaljregulering for rundkøyring Tveitakrysset og sykkelveg med fortau Heiane - Vabakkjen

Vedtaket er gjort med heimel i Plan- og bygningslova §12-12

Om planområdet

Planen legg til rette for opparbeiding av ny rundkøyring i Tveitakrysset, ny tofelts sykkelveg med fortau langs heile strekninga mellom Heiane og Vabakkjen langs E 39, samt ny gangtilkopling inn til Langelandsbanen og oppgradering av busshaldeplassane på strekninga.

Vedtekne plandokument

Dokumenta er i pdf-format. For å lesa dei trengs gratisprogrammet Adobe Acrobat Reader innstallert på maskinen. Klikk her for å lasta ned Adobe Acrobat Reader

Den vedtekne reguleringsplanen kan du også sjå ved eining Regulering, byggesak, oppmåling i Rådhuset på Leirvik. Partar som har hatt merknader til planen vil få tilsendt kopi av saka.

Klagerett

Den vedteken planen kan påklagast Fylkesmannen i Hordaland etter § 1-9 og § 12-12 i Plan- og bygningslova og § 28 i Forvaltningslova.

Eventuell klage må grunngjevast og sendast skriftleg til:

Stord kommune
Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD

eller på epost til: rbo@stord.kommune.no

Klagefrist: Fredag 27. oktober 2017


Frist for erstatningskrav
Krav om erstatning eller straksinnløysing etter § 15-2 og § 15-3 i Plan- og bygningslova må for ubygd eigedom vera framsett innan 3 år. For utbygd eigedom gjeld same fristen etter at bygga er fjerna.

Lovdata

Gjeldande planar

Etter at kunngjeringsperioden er ferdig,
vert planane gjeldande.

Reguleringsplanar kan då søkjast opp på www.fonnakart.no. Andre planar vert å
finna på sida Planar.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen