Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  15.06.2017 13:30
 
Oppdatert: 15.06.2017 13:41

Detaljregulering for gnr/bnr 46/400 m.fl., Småbåthamn Skjersholmane

Forvaltningstyret vedtok i møte 08.06.2017 å leggja forslag til detaljregulering for gnr/bnr 46/400 m.fl., Småbåthamn Skjersholmane ut til offentleg ettersyn.

Vedtaket er gjort med heimel i Plan- og bygningslova §12-10 og §12-11.

Om planområdet

Planområdet, som omfattar om lag 82 daa, ligg rett sør for ferjeleiet Skjersholmane. Føremålet med planforslaget er å leggja til rette for ei funksjonell og meir arealeffektiv båthamn, samt å fortetta med naustbygging på utfylt moloareal.

Planen skal oppheva den gjeldande planen - 201206, og delar av plan R-019-000 – Sæbø friområde.

Plandokument på høyring

 

(Dokumenta er i pdf-format. For å lesa dei trengs gratisprogrammet Adobe Acrobat Reader innstallert på maskina. Klikk her for å lasta ned)

Plandokumenta og evt. vedlegg kan ein også sjå ved eining Regulering, byggesak og oppmåling i Rådhuset på Leirvik. Partar som har særlege interesser i sak får tilsendt eige varsel.

Merknader

Moglege merknader til planen skal sendast til:

Stord Kommune
Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD

eller på epost til: rbo@stord.kommune.no

Merknadsfrist: Fredag 04. august 2017

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen