Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  04.09.2017 12:42
 
Oppdatert: 04.09.2017 14:17

Offentleg ettersyn: Revidering av rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune

Komité for oppvekst og utdanning har i sak 6/17 gitt rådmannen i oppdrag å revidera Rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune. Høyringsfrist er 4. oktober.

Bakgrunnen for revisjonen er at Langeland skule frå hausten 2017 er full, og vil i åra framover ikkje ha kapasitet til å ta imot alle elevane som etter gjeldande forskrift har skulen som sin nærskule.

Rådmannen gjer framlegg om justera krinsgrensa mellom Langeland og Tjødnalio skulekrinsar. Rådmannen meiner dette vil løysa kapasitetsproblema ved Langeland skule. Dei andre krinsane i Stord vert ikkje berørte av framlegget.

Revidert forskrift vert utarbeidd i medhald av forvaltningslova kap. VII, og skal gjelda frå skulestart 2018.

Dokument

Merknad

Høyringsfrist er 4. oktober 2017.

Uttalar skal sendast til:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

eller på e-post: post@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen