Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  07.11.2017 14:10
 
Oppdatert: 07.11.2017 14:15

Offentleg ettersyn: namnesak

Kartverket har sendt namnesak ut på lokal høyring jf. § 5 i lov om stadnamn. Frist for uttale er 23. november.

Grunneigarane på bruk 60/1 reiser namnesak for gardsnamnet Mjelkevik og naturnamnet Fredriksstranda. Dei føreslår at gardsnamnet vert skrive Melkevik og at namnet på stranda verta endra til Melkevikstranda. Namnesaka vert reist for å avklara namneval og skrivemåten for offentleg bruk.

Saka gjeld følgjande namn:

Mjelkvik / Mjelkevik/ Melkevik (gard 60) Mjelkvik / Mjelkevik/ Melkevik ( bruk 60/1) Fredriksstranda / Frederikkestranda / Melkevikstranda (strand i sjø)

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn og for naturnamn. Kommunen har ansvar for å kunngjera at namnesak er reist, og for å innhenta og samordna dei lokale høyringsfråsegnene.

Merknader

Moglege merknader til skal sendast til:

Stord Kommune
Postboks 304
5402 STORD

eller på epost til: post@stord.kommune.no 

Merknadsfrist: 23. november.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen