Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Susann H. Aadland
Publisert:  05.01.2018 00:00
 
Oppdatert: 02.01.2018 15:03

ID 1340 Aktivitetsmedarbeidar

Heimebaserte tenester har ledig stilling som aktivitetsmedarbeidar.
Søknadsfrist: 19.01.18

Aktivitetsmedarbeidar (ID 1340)

Eining for Heimebaserte tenester har ledig 60 % fast stilling som aktivitetsmedarbeidar.

Heimebaserte tenester driver eit dagaktivitetstilbod med 17 plassar for personar med demenssjukdom. I løpet av januar 2018 flytter vi inn i nyoppussa lokale i Blåbygget i Sagvåg. Tilbodet er inndelt i to grupper, med inntil 10 personar i kvar gruppe. Aktivitetane inkluderer m.a. musikk, samtale, spel, måltidssamvær og  fysisk aktivitet. Personalet i dagaktivitetstilbodet hentar og bringer brukarane, og disponerer 3 bilar, derav 1 ni-seter med lift.

Kvalifikasjonskrav:

Vi søkjer etter ein sosial og kreativ person, som kan vere med å utvikla dagaktivitetstilbodet vidare. Du må vere løysingsorientert, kunne by på deg sjølv, og delta i alle aktivitetar som står på timeplanen. Vi legg vekt på at du er flink til å kommunisere med brukarane, og at du har innsikt i korleis demenssjukdom kan arte seg. Samarbeidsevne, fleksibilitet og stå-på vilje vil verte vektlagt. Du må gjerne ha utdanning som aktivitør eller tilsvarande, men det vil vere dei personlege eigenskapane og realkompetansen som vert avgjerande for om du er den rette til jobben. Du må minimum ha førarkort  klasse  B, og vere fortruleg med å kjøre store bilar.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Randi Huglen, tlf 53 49 67 37 eller mobil 489 90 902

Søknadsfrist: 19.01.18

Søk på stillinga 

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen