Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde S. H. Aadland
Publisert:  05.01.2018 00:00
 
Oppdatert: 03.01.2018 10:42

ID 1341 Avdelingsleiar løn og personal

Stord kommune har ledig stilling som avdelingsleiar for løn og personal.
Søknadsfrist: 19.01.18

Avdelingsleiar løn- og personal (ID 1341)

Det er ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for løn og personal.

Løn- og personal er ei avdeling som er i rådmannen si leiargruppe og einingsleiarane si støtte i saker knytt til; rekruttering, arbeidsmiljø, pensjon, seniorpolitikk, forsikring, personalreglement, permisjonar, fråværsregistrering, lønsfastsetjing, lønsutbetaling, lønsforhandlingar, m.m.

Stillinga vil innehalda både leiaroppgåver og ordinære driftsoppgåver og rapporterer til personal- og organisasjonssjefen. Arbeidsstad er SKL bygget i Leirvik.

Hovudoppgåver:

  • Ansvar for å utvikla løn- og personalavdelinga
  • Ansvar for å følgje opp avdelinga sine målsetjingar
  • Fagleg leiing av personalområdet
  • Administrativ leiing av avdelinga
  • Personalansvar løn- og personalavdelinga
  • Oppgåver knytt til sakshandsaming og lønsarbeid/rapportering

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskulenivå, anna kompetanse kan verta vurdert
  • Leiarerfaring/utdanning
  • Positive haldningar og evne til å tenkja nytt
  • Gode datakunnskapar
  • Lika å jobba i eit travelt miljø
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Gode kommunikasjons-/og samarbeidsevne
  • Kunna ta initiativ og arbeida sjølvstendig

Me kan tilby:

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høve til fagleg utvikling
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For meir informasjon kan du kontakta personal- og organisasjonssjef Annlaug Tenold, tlf. 53 49 66 34/97552130. Ta gjerne og kontakt for ein uformell samtale.

Søknadsfrist: 19.01.2018

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen