Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  11.07.2017 14:00
 
Oppdatert: 11.07.2017 13:35

ID 1302 Fastlege

Stord kommune har ledig nyoppretta fastlegestilling/vikariat fastlege.
Søknadsfrist: 31.07.17

Stord er ein industrikommune i Hordaland med vel 18 000 innbyggjarar. Kommunen er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Me har flyplass med flygingar til m.a. Oslo. Kommunen er landfast mot sør gjennom Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for Sunnhordland. Me har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv.

Nyoppretta fastlegestilling/vikariat fastlege (ID 1302)

Det er ledig fastlønsstilling for allmennlege i Stord kommune. Stillinga kan dei første 5 åra knytast til eit pilotprosjekt med utdanningsstilling for legar i allmennmedisin – ALIS Vest .

Legen  vert første året lokalisert i ein fleirlegepraksis, Heiane legesenter, der det er ledig eit vikariat. Praksisen har gode lokale, stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Legen må ta del i vakt som er eit interkommunalt samarbeid mellom Bømlo, Fitjar og Stord kommunar. Vaktdistriktet omfattar vel 31 000 innbyggjarar med om lag 3 vakter/mnd., fastlønsordning  og oppdelt vaktdøger. Det er tilstadesvakt for lege samlokalisert med interkommunalt øh. døgntilbod i eige bygg ved Stord sjukehus. Tilgjenge av sjukepleiar heile vaktdøgeret.

Krav til stillinga

  • Godkjent norsk autorisasjon som lege.
  • Søkjar må ha fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens Autorisasjonskontor for Helsepersonell som gir høve til å praktisere som fastlege.
  • Ha refusjonsrett frå Helfo.
  • Fagleg dyktig og gode samarbeidsevner.
  • Gode norskkunnskapar med  tilfredsstillande kommunikasjonsevne vert vektlagd.      

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hjå kommuneoverlege Sørheim tlf. 53496600 (sentralbord)/ 99095893 eller personal- og organisasjonssjef Annlaug Tenold tlf. 53496600 (sentralbord)

Søknadsfrist: 31.07.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen