Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Tone Westerheim
Publisert:  24.11.2017 00:00
 
Oppdatert: 21.11.2017 10:09

Fastlegeavtale ID 1330

Stord kommune har ledig fastlegeavtale - deleliste 50 %.
Søknadsfrist: 15.12.17

Stord er ein industrikommune i Hordaland med vel 18 000 innbyggjarar. Kommunen er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Me har flyplass med flygingar til m.a. Oslo. Kommunen er landfast mot sør gjennom Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for Sunnhordland. Me har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv.

Fastlegeavtale – deleliste (ID 1330)

I samband med plan for alderspensjonering er det ledig avtale som deleliste 50 % frå 1. januar 2018. Dette er med tanke på varig overføring av heimelen etter nærare avtale.
Den aktuelle avtalen har ei personliste på kring 1000, men denne kan aukast.

Avtalen er lokalisert sentralt på Stord i Landsbylegane AS på Leirvik. Det er eit senter med 4 legar der 3 er spesialistar i allmennmedisin og 1 er under spesialisering  med samla  om lag 4400 personar på listene. Praksisen har gode lokale, stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Dei har Plenario journalsystem knytt til NHN, avtale med Noklus  for laboratoriearbeidet og kvalitetssystemet TrinnVis.
I Sunnhordland er det jamt rettleiingsgrupper for spesialisering i allmennmedisin.

Avtalen kan kombinerast med dei andre utlyste stillingane i Stord kommune som lege ved IDA eller medisinsk fagleg rådgjevar for legevakt (sjå eigne utlysingstekstar).

Vaktordning
Legevakta er eit interkommunalt samarbeid mellom Bømlo, Fitjar og Stord kommunar. Vaktdistriktet omfattar vel 31 000 innbyggjarar med om lag 3 vakter/mnd. Det er for tida tilstadesvakt for lege og fastlønsordning  med oppdelt vaktdøger. Legevakta er samlokalisert med interkommunalt øh. døgntilbod (IDA) i eige bygg ved Stord sjukehus.

Vilkår
Legen må gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved kontoret. Overtakingsvilkår og etablering av praksis ved legekontoret vert avtalt direkte med aktuell fastlege.

Legen må ta full del av vaktplikta knytt til ordning for Sunnhordland interkommunale legevakt inkludert KAD. Det må reknast med inntil 7,5 timar per veke med offentleg allmennmedisinsk legearbeid.
Vilkår for deleliste i fastlegeavtale går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.

Me legg vekt på
Gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing.

Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der me har fokus på kvalitetsheving av eit faglig godt tilbod til våre tilsette og pasientar.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest.

Kontakt kommuneoverlege Lars Helge Sørheim på 534 96 600, e-post lhs@stord.kommune.no eller aktuell fastlege Aasmund Storebø på 99 12 82 67, epost  aasmund.storebo@sklbb.no for nærare opplysningar.

Søknadsfrist: 15.12.2017

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen