Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Sunnhordland interkommunale legevakt
Publisert:  05.01.2018 00:00
 
Oppdatert: 03.01.2018 11:48

Ledig helgestilling ved døgnavdeling IDA ID 1342

Det er ledig fast helgestilling på 13,85 %
Søknadsfrist 14.01.18

Helgestilling ved døgnavdeling IDA (ID 1342)

Det er ledig fast helgestilling på 13,85 % frå 1. februar 2018 med arbeid for tida 3. kvar helg. 

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for øykommunane Stord, Bømlo og Fitjar med om lag 33500 innbyggjarar. Døgnavdelinga ligg i 2. etasje i legevaktbygget, har 9 einsengssrom og driv behandling etter allmennmedisinske metodar. Avdelinga er nyopna og held høg standard. Me har for tida ledig fast helgestilling på 13,85 % ved døgnavdeling IDA.

Kvalifikasjonar: Me lyser fortrinnsvis etter sjukepleiar, men sjukepleiarstudentar eller helsefagarbeidarar kan også søkje. Personleg eignaheit vert vektlagd.

Alle nytilsette innan pleie- og omsorgssektoren skal levere politiattest.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Dersom du har spørsmål om stillingane er du velkomen til å ta kontakt med avdelingssjukepleiar Mona Yvonne E. Lothe på telefon 53 23 30 72 eller 48 20 19 82

Søknadsfrist: 14. januar 2018

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen