Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Aadland
Publisert:  28.04.2017 00:00
 
Oppdatert: 24.04.2017 14:59

ID 1277 Psykolog

Eining for psykisk helse og rus har ledig 100 % stilling for psykolog.
Søknadsfrist: 16.06.17

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med nærare 19 000 innbyggjarar. Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, Høgskulen på Vestlandet med helse og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanning. Vidare ligg Stord sjukehus her.

Stord kommune har ledig stilling som psykolog i eining for psykisk helse og rus. Eininga omfattar ulike tilbod og tenester til personar frå 18 år og oppover med rus- og/ eller psykiske vanskar. Dette er ei ny organisering som tredde i kraft 01.10.16.

Psykolog (ID 1277)

Stord kommune søkjer etter psykolog i fast 100 % stilling i eining for psykisk helse og rus f.o.m. 01.09.17.

Hovudoppgåver:

  • Bidra til helsefremmande og førebyggjande arbeid
  • Vurdering, utgreiing og kartlegging  
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vegleiing og samarbeid med tenestene i eininga
  • Bidra til å styrke tenestetilboda til målgruppa, familie, pårørande og /eller grupper
  • Systemretta arbeid

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent psykologspesialist, men erfaren psykolog kan også søkje
  • Erfaring frå rusfeltet og/eller spesiell interesse for dette fagfeltet
  • Undersvisning- og vegleiingserfaring
  • Samhandlingskompetanse
  • God kjennskap til relevant lovverk
  • Norsk autorisasjon, må beherske norsk munnleg/skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i samarbeid med andre
  • Nytenkjande og endringsorientert
  • Erfaring med, og interesse for, utviklingsarbeid er ein fordel
  • Målbevist og initiativrik
  • Strukturert

Me kan tilby:

  • Utfordrande, spannande  og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Gode samarbeidsforhold
  • Utviklingsarbeid
  • Gode moglegheitar for kurs og fagleg utvikling

Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar og erfaring frå liknande arbeid.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Alle nytilsette må levera politiattest. Søkjaren må ha førarkort.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til kommunalsjef Knut Gram tlf. 975 52 011 eller einingsleiar Diana Bergeland tlf. 952 43 278

Søknadsfrist: 16.06.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen