Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Tone Westerheim
Publisert:  07.04.2017 00:00
 
Oppdatert: 05.04.2017 11:50

Assisterande rektor ID 1276

Litlabø skule har ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor.
Søknadsfrist: 28.04.17

Assisterande rektor (ID 1276)

Frå 01.06.2017 har Litlabø skule ledig 100% fast stilling som assisterande rektor. Administrasjonsressursen er for tida 30 % og resten er bunden opp til undervisning.

Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønskjer å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre. Litlabø skule er ein barneskule med om lag 110 elevar.

Arbeidsoppgåver:

  • Leia skulen saman med rektor
  • Skuleutvikling
  • Undervisning

Du bør ha fylgjande kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk utdanning
  • Praksis frå skulen
  • Det ynskjeleg at søkjar har leiarerfaring og utdanning innan IKT

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For meir informasjon ta kontakt med rektor, Rune Valvatne Ask, tlf. 90219911

Søknadsfrist: 28.04.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen