Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Tone Westerheim
Publisert:  11.08.2017 00:00
 
Oppdatert: 27.07.2017 08:39

Vernepleiar / sjukepleiar ID 1305

Eining for Habilitering har leidg 70 % fast stilling som vernepleiar.
Søknadsfrist:25.08.17

Sæbøhaugen avd. A  er samlokaliserte bustader som gjev eit døgnbemanna tilbod til personar med utviklingshemming. Sæbøhaugen avd. A er organisert som eit burettslag. Bebuarane eig eller leiger bustadane. Me er organisert i Eining for Habilitering som har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik, men avdelinga ligg i Sæbøløkjen ca. 10 minutt frå Leirvik sentrum.

Me er ei mangfaldig personalgruppe som trivest godt saman. Me ynskjer medarbeidarar som er kreative, kan jobba sjølvstendig, har arbeidsglede og likar utfordringar. Den som vert tilsett må ha god norsk framstillingsevne, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting.

Vernepleiar / sjukepleiar (ID 1305)

Det er ledig 70 % fast stilling som vernepleiar / sjukepleiar.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Miljøarbeid. Dette inneberer blant anna å følgja opp eininga og avdelinga sine målsetjingar.
  • Yta tenester av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer og i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
  • Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
  • Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon
  • Halda seg fagleg oppdatert
  • Gjera seg kjent med, og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift

Kvalifikasjonskrav:
Autorisert vernepleiar eller autorisert sjukepleiar. Det er ynskjeleg med erfaring frå å jobba med brukargruppa.

Kontaktperson: Assisterande avdelingsleiar Tove Mathisen tlf. 932 02 883 eller einingsleiar Nina Steinsbø Walquist tlf. 53 49 68 82/975 52 048

Søknadsfrist: 25.08.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen