Av:
Rune Ask
Publisert:
27.08.2012
Foto: Inger Helene Kjeka
Oppdatert:
27.08.2012
Litlabø skule er ein 1 -7 skule. Skulen ligg i bydelen Litlabø i Stord kommune. Me ligg fint og usjenert til, og like nedanfor skulen ligg det gamle gruveområdet på Litlabø. Det første skulebygget som kom på Litlabø vart bygd i 1925, og vert i dag kalla for gamleskulen. Bygda har med andre ord hatt eigen skule i 85 år.