'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  06.09.2012
Oppdatert: 10.02.2014
 

Søknad om permisjon for elevar ved Nordbygdo ungdomsskule

For alle permisjonar skal søknadsskjema fyllast ut og sendast til skulen i god tid før permisjonen startar. For anna fråver må føresette alltid skriva melding til kontaktlærar om årsaka til fråveret.

Dette seier opplæringslova

§ 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa

Når der er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte eleven permisjon inntil to veker.

§ 3-41 Føring av fråver

Frå og med 8.årstrinnet skal alt fråver førast på vitnemålet. Fråver skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar. Eleven eller foreldra kan krevja at årsaka til fråver blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråveret.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggja fram dokumentasjon av fråveret frå opplæringa på førehand. For inntil 10 skuledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevja at følgjande fråver ikkje vert ført på vitnemålet:

a) dokumentert fråvær som skuldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråver som skuldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggja fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråver som skuldast helsegrunnar må vara meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråver etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråver strykast frå og med første fråversdag.

Undervisning i permisjonstida

Etter opplæringslova §2-11 kan kommunen gje ein elev permisjon i inntil to veker når det er forsvarleg. Føresette har ansvar for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgja den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. (Ein permisjon som er gjeven, avkortar retten for eleven til grunnskuleopplæring tilsvarande.)

Fråver på vitnemålet

Fråver utover 10 skuledagar per skuleår vil bli ført på vitnemålet jf. forskrift til Opplæringslova § 3-41

Sakshandsaming

Sakshandsaminga ved søknad om permisjon følgjer reglane i Opplæringslova §2-11, samt retningslinjene for sakshandsaming i Forvaltningslova, kap.III – kap. VI der ein nyttar enkeltvedtak. Eit enkeltvedtak gir elev og føresette høve til å klaga på vedtaket,  jfr. fvl. § 28. For vedtak etter opplæringslova er det Fylkesmannen i Hordaland som er klageinstans. Eventuell klage skal sendes skulen som har gjort vedtaket.

Skulen skal ta stilling til klagen i nytt vedtak. Dersom skulen opprettheld vedtaket sitt, vert klagen sendt til Fylkesmannen i Hordaland saman med aktuelle saksvedlegg.

Dersom en ynskjer det, kan en få hjelp av skulen eller annan kommunal instans til å skriva klagen. Forvaltningslova § 32 har nærare krav om klagen sin adressat, form og innhald.

Søknadsskjema

Alle felta merka med * MÅ fyllast ut. Dersom skjema er riktig utfylt, skal du få opp ei kvitteringsside når du har trykt på Send-knappen. Dersom dette ikkje skjer, må du sjekka om det er noko du har gløymt å fylla ut. Meld feil på skjema til nettsida@stord.kommune.no

 

Namn (elev): *
Trinn: *



Klasse: *




Adresse:
Tidsrom for permisjon: *
Grunngjeving: *
Sendt inn av (forelder/føresett): *
Telefon: *
E-postadresse: *
 

.

Nordbygdo ungdomsskule
Kleivane 31
5416 Stord
Vis kart

Postboks 1054
5407 Stord

Epost:
nord-u.skule@stord.kommune.no

Telefon: Kontor: 53 45 44 00
Rektor, Pål Roseth: 53 45 44 01/48990908
Assisterande rektor, Kristine Vikanes: 53 45 44 02/97552193
Rådgjevar, Randi S. Løkhammer: 53 45 44 03/99725064

Ansvarleg redaktør: Pål Roseth
Nettredaktør: Kristine Vikanes