'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  13.05.2011
 
Oppdatert: 04.02.2014

Historie

Stord i førhistorisk tid

Istida

Det er spor etter jeger- og fangstfolk som allereie i istida tok i bruk området me i dag kallar Stord. Arkeologiske funn som buplassar og gravminne fortel kva reiskapar dei nytta, korleis dei budde, kva dei levde av og korleis samfunnet var bygt opp. I nokre tilfelle kan ein også forstå korleis dei tenkte.

Jordbruk

Etter kvart endra folk på Stord kulturlandskapet og bygde eit lagdelt samfunn med jordbruk som hovudnæring. Overgangen til jordbruk med etablering av ein fast gardsbusetnad er truleg den viktigaste samfunnsendringa i soga vår. Då vart det etablert ein fast og permanent gardsbusetnad, og eit lokalsamfunn vaks fram.

Dei arkeologiske funna viser at folk på Stord også i førhistorisk tid hadde kontakt, direkte eller indirekte, med andre område. Slik kontakt strekte seg både langs kysten og innover fjordane, og jamvel til andre land.

Vekst og krise

Perioden frå omkring 1000 til 1720 er ei tid med vekst og krise. Folk innordna seg nye samfunnsmakter som konge og kyrkje. I denne perioden kom også eit trusskifte frå heidendom til katolsk kristendomsform og seinare til evangelisk - luthersk statskyrkje. 

Framside band IBand I Stord frå steinalder til oljealder tek føre seg Stord i førhistorisk tid. Bøkene kan kjøpast i kundetorget i rådhuset.

 

 

 

 

Stord 1720 - 1900

På 1700-talet vaks folketalet trass i krisetider. Mange nye husmannsplassar vart etablert. Skottehandelen er framleis viktig fram til nedlegging av tollstaden i 1753. Poteta kjem til Stord i 1770-åra og vert etter kvart like vanleg i åkrane som havren.

Folkevekst

Kriseåra først på 1800-talet vert avløyste av sterk folkevekst med dobling av folkemengda frå 1815 til 1900. Jordbruket er framleis viktig. Både sildefiske, fartøybygging, handel og handverk saman med ei byrjande gruvedrift gjev mange nye levebrød. Leirvik veks til ein livleg liten tettstad. Også i Sagvågen og Rommetveit med seminariet aukar folketalet. Bygdene vert knytte saman med nybygde vegar, og dampskipa betrar kontakten med grannebygder og by.

Kulturskifte

Det er særleg frå 1860–åra at den nye tida slår gjennom og ein kan tala om eit kulturskifte. Frå 1830-talet med det nye formannskapet tok folk sjølv meir del i styringa av samfunnet enn før. Stordabuane viste stor interesse for politikk og tok flittig del i vala, både til Stortinget og kommunestyret. Baard M. Haugland var ein lokal strateg og leiar. Han vart både tingmann og statsråd, og kan stå som eit symbol på korleis Stord i 1900 var sterkare innvevd i storsamfunnet enn før.

Framside Band IIBand II Stord frå steinalder til oljealder tek føre seg perioden 1720-1900. Bøkene kan kjøpast i kundetorget i rådhuset.

 

 

 

 

Stord 1900 – 2006

Stord si historie etter 1900 er ei tid med store og gjennomgripande endringar. Ved inngangen til 1900-talet var kommunen framleis stort sett eit tradisjonelt bondesamfunn.

Tida fram til 1920 var ei økonomisk oppgangstid med stor innflytting, kraftig vekst i folketalet og større sosialt og kulturelt mangfald. Gruvedrifta på Litlabø vart teke opp att, og det vaks fram nye verksemder innan industri, handel og handverk. I mellomkrigstida kom økonomiske kriser med armod, politiske og sosiale brytingar, men også med spirer til seinare økonomisk og sosial framgang.

Okkupasjonstid og etterkrigstid

Okkupasjonstida førte med seg ein utrygg kvardag med naud og varemangel, men verka samstundes samlande, politisk og sosialt. Etter krigen vart Stord for alvor eit industrisamfunn avhengig av Stord Verft som økonomisk motor, og av skiftande verdskonjunkturar. Det moderne forbrukarsamfunnet tok form. Folk opplevde ein jamn auke i inntekter og materielle gode, og utdanning var ikkje lenger berre for eit fåtal.

Handel, tenesteyting og administrasjon

I siste fjerdedelen av hundreåret var økonomien basert på oljeverksemda i Nordsjøen. Samstundes var servicenæringane i sterk vekst. To av tre stordabuar levde i 2006 av handel, tenesteyting og administrasjon, medan ein av tre var i industrien. Leirvik hadde gjennom heile hundreåret vore i vekst og spelt ei rolle som regionssenter. Frå 1997 er Leirvik senter i byen Stord. Dei siste hundre åra er folketalet sjudobla, og den kraftige økonomiske veksten og auken i materiell levestandard har endre levekåra radikalt.

Band IIIBand III Stord frå steinalder til oljealder tek føre seg perioden 1900-2006. Bøkene kan kjøpast i kundetorget i rådhuset.

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM