'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Flyfoto av Eldøyane Næringspark
Av:  M. Dahle
Publisert:  20.01.2010
 
Oppdatert: 26.02.2014

Næringsliv

Næringsstruktur og arbeidsplassar

Stord har eit dynamisk næringsliv som er kjent for høg verdiskaping og nyskaping og med internasjonal orientering. Stord er ein sterk industrikommune basert på skipsfart og leverandørretta offshoreverksemd. Sysselsetjinga i desse næringane svingar tradisjonelt sterkt med marknaden. Samla har talet på industriarbeidsplassar vore uendra i perioden 2000-2009. Samstundes har det vore ein sterk vekst i privat- og offentleg tenesteyting. 

Utvikling i folketal og arbeidsplassar etter næring finn du på Hordaland fylkeskommune

Eit mangfaldig næringsliv

Sidan Stord  framleis har eit næringsliv der offshoreindustrien dominerer, er samfunnet relativt sårbart når marknaden svingar og det er mangel på oppdrag. Kommunen ha difor som målsetjing å stimulera til ei utvikling som skal sikra større mangfald i næringsliv og sysselsetjing.  

Stord har mange fortrinn som gir grunnlag for optimisme. Lang erfaring med omstilling i industrien og næringslivet har mellom anna medverka til at ein har makta å oppretthalda sysselsetjinga i vanskelege periodar. Her er mykje industriell kompetanse og internasjonal erfaring, og eit lokalt høgskulemiljø som gjev synergieffektar. Bankar, advokatfirma og sterke fagmiljø innan konsulentbransjen og i kreative næringar fremjar ei postitiv utvikling. 

I tillegg er gode kommunikasjonar og tilknyting til ein sterk region med kort avstand til storbyane på Vestlandet viktig for Stord si utvilkling.

Hjelp til nyetablering og omstilling

Det er tilgang til god rådgjevingskompetanse på Stord for den som har planar om å etablera ny verksemd eller som vil ha vurdert forretningsidear, finansieringsvilkår/stønadsordningar m.m. Tenestene vert mellom anna ytt gjennom desse selskapa: 

  • ATHENO AS arbeider regionalt, og er eigd av kommunar, bedrifter i regionen, Hordaland fylkeskommune og SIVA. Selskapet er ein industriinkubator, og er kopla til såkornfondet Fjord Invest Sørvest.
  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland har ei viktig regional rolle som  tiltaksorgan og næringsutviklar.    

 

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM