'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  30.11.2009 23:30
 
Oppdatert: 22.10.2010 15:26

Ferjesambandet Stord-Kvinnherad: Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Føremålet med planarbeidet er å finna ny lokalisering av ferjeleiet på Stord slik at ferjesambandet kan bli kortare og meir effektivt for dei reisande og for samfunnet elles.

Kart over dei utgreidde alternativa for plassering av nytt ferjeleie.Ferjeleiet for sambandet mellom Kvinnherad og Stord vart flytta frå Leirvik til Skjersholmane 1. mai 2003. Tidlegare gjekk sambandet frå Leirvik sentrum til Ranavik og Sunde.

Ferjeleiet vart flytta etter ein omfattande prosess der konklusjonen vart mellombels flytting av ferjeleiet. Skjersholmane gav auka reisetid, og det skulle difor arbeidast for å få etablert ny ferjekai med kortare ferjestrekning.

Kommunane Stord og Kvinnherad samt Hordaland Fylkeskommune klaga vedtaket om flytting inn for Samferdsledepartementet. I brev av 23. april 2003 opprettheldt departementet vedtaket til Statens vegvesen, men opna for vurdering av ny ferjekailøysing for å oppnå eit kortare ferjesamband.

I handlingsprogram for Nasjonal transportplan 2006 - 2015 heiter det at "det er ikkje funne midlar til denne kaien i denne planperioden, men vi reknar med at prosjektet vert teke opp når vi skal revidera handlingsprogrammet for neste planperiode."

Utarbeiding av eit planprogram er første steg i den formelle prosessen for å gje planavklaring til lokalisering av nytt ferjeleie. I dette arbeidet er Statens Vegvesen tiltakshavar og Stord kommune er planstyresmakt. Programmet skal klargjera innhaldet i og premiss for det vidare plan- og utgreiingsarbeidet. Planprogrammet inneheld også oversyn over prosess for informasjon og medverknad.

Plandokument

Kommunedelpan med konsekvensutgreiing:
Rv 544 Ferjesambandet Stord-Kvinnherad: Lokalisering av ferjeleie på Stord

Andre aktuelle dokument

Protokoll frå kommunestyret 18.06.2009 

Planar under arbeid

Kontaktinformasjon

Ove Kvalnes
ove.kvalnes@stord.kommune.no
Telefon 53 49 68 25
Mobil 48 99 09 09

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM