Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  20.04.2017 15:00
 
Oppdatert: 21.04.2017 07:46

Komitè for oppvekst og utdanning 25. april

Mandat for evaluering av sjølvkost i SFO og godkjenning av organisering, framdrift og økonomisk ramme ved Nysæter ungdomsskule er sakene som skal opp i møtet.

Tid: Torsdag 25. april klokka 14.00
Stad: Kommunestyresalen

Politiske saker 

PS 4/17 Mandat for evaluering av sjølvkost i SFO

I budsjettvedtaket for 2017, sak PS 77/16, ber kommunestyret om følgjande:

Kommunestyret ber rådmannen gjera ei evaluering av innføringa av sjølvkost for SFO og legga fram for OOU. Område som skal drøftast er blant anna endringar i arbeidstilhøve for tilsette, utvikling i del elevar som nyttar SFO og kostnadsutvikling for tilbodet. Endeleg mandat for evalueringa skal utarbeidast av OOU.

Framlegg til vedtak:

Komité for oppvekst vedtek evalueringa av sjølvkost for SFO, jf. kommunestyresak 77/16, skal vurdera følgjande:

  • har ny bemanningsnorm ført til endringar av organiseringa av tilbodet?
  • har dei tilsette sin arbeidssituasjon vorte endra?
  • ser ein endringar i talet på barn som nyttar seg av tilbodet?
  • har storleiken på skulane/SFO-tilbodet noko å seia for kva erfaringar ein har med innføringa avsjølvkost?
  • korleis fungerer turnusordninga?
  • korleis har kostnadsutviklinga vore for tilbodet etter innføringa av sjølvkost?
  • Korleis bør ein løysa dette framover?

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 11-16 

PS 5/17 Godkjenning av organisering, framdrift og økonomisk ramme ved gjennomføring av prosjekt Nysæter ungdomskule med fleirbrukshall

Kommunestyret godkjente i møte 23.3.2017 - sak PS 8/17 - forstudierapport for Nysæter ungdomskule med fleirbrukshall. I vedtaket heitte det mellom anna:

«Forprosjektet skal leggja til grunn byggherre-utvikla prosjekt med bruk av plan- og designkonkurranse som konkurranseform. Komité for oppvekst og utdanning vil ta stilling til gjennomføring av konkurransen i ei eiga sak. Forprosjektet skal leggja til rette for brei brukarmedverknad.»

Denne saka gjeld såleis organisering av forprosjektet på Nysæter ungdomskule med fleirbrukshall.

Framlegg til vedtak:

1. Komité for oppvekst og utdanning godkjenner plan for organisering m.m. av forprosjekt for Nysæter ungdomskule med fleirbrukshall, slik det går fram av saksutgreiinga.

2. Komité for oppvekst og utdanning nemner opp ............ som medlem av juryen for plan- og designkonkurransen, med varamedlem.........

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 17-47

Meldingssaker

 

RS 12/17 Arbeidsplan 17/04

RS 13/17 Økonomirapport mars 2017

RS 14/17 Stord ungdomsskule, rapport februar 2017

RS 15/17 Informasjon til kommuene om tiltak mot vold og overgrep

RS 16/17 2017 Statusrapport - internrevisjon barneverntenesta

RS 17/17 Notat om framdrift prosjekt Ein inkluderande barnehage og skule

RS 18/17 Referat frå møte i SU 16.03.2017

RS 19/17 Referat frå møte i skulemiljøutvalet, Tjødnalio skule, 06.02.2017

 

 

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen