Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  20.04.2017 15:00
 
Oppdatert: 21.04.2017 07:45

Komitè for næring miljø og kultur 26. april

Opparbeiding og finansiering av ny veg til Grunnavåg og fond for utlån til lag- og organisasjonar er sakene som skal opp i møtet.

Tid: Torsdag 26. april klokka 14.00
Stad: Kommunestyresalen

Politiske saker

14/17 Opparbeiding og finansiering av ny veg til Grunnavågen

Ny kommunal veg til Grunnavågen har vore tema i mange samanhengar og over lang tid. Prosjektet er eit viktig tiltak for tilrettelegging for næringsutvikling i Sagvågsområdet. Grunnavågen er eit område med potensiale for utviding av eksisterande verksemd og etablering av nye verksemder. Området har stor fleksibilitet grunna nærleiken til sjø og kaianlegg. Stord Hamnestell eig i dag deler av næringsområdet i

Men brua til Grunnavågen har avgrensa bæreevne. Ein må ha tilfredsstillande vegtilkomst for å gjere området attraktivt, og for å kunne omsette tomter til marknadspris. 

 Framlegg til innstilling:

  1. Stord kommunestyre godkjenner forslag til avtale mellom Stord kommune og Stord Havbrukspark AS om opparbeiding og finansiering av veganlegg til Grunnavågen.
  2. Stord kommunestyre godkjenner kjøpekontrakt mellom Stord kommune og Stord Havbrukspark AS om kjøp av parsell frå gnr./bnr. 53/126 i Stord kommune.
  3. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra prosjektet innanfor ei kostnadsramme på kr. 22 500 000 eksklusiv meirverdiavgift.
  4. Kommunestyret godkjenner finansieringsplanen for prosjektet slik den går fram av saksutgreiinga.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 10-25

PS 15/17 Fond for utlån til lag og organisasjonar - revisjon av retningsliner 2017

Då komité for næring, miljø og kultur handsama søknad frå Stord fotball ( PS 52/16 ) vart følgjande tilleggspunkt vedteke:

«2. Komiteen ber om å få ei sak der vedtektene for Fond for utlån til lag og organisasjonar vert evaluert, då reglane for å låne pengar her framstår som noko uklårt. "

I sak 9/17 gjorde NMK følgjande vedtak:
«Komité for næring, miljø og kultur ber om at sak vert lagt frametter at idrettsrådet har uttala seg.»

Framlegg til vedtak:

Komité for næring, miljø og kultur vedtek reviderte vedtekter for «Fond for utlån til lag og organisasjonar» slik dei ligg føre.

Meldingssaker

RS 14/17 Arbeidsplan 17/04

RS 15/17 Økonomirapport mars 2017

RS 16/17 Søknad om ekstraordinært tilskot for 2017 for Sunnhordland museum (kopi av

brev til Sunnhordland museum)

RS 17/17 Møtereferat - Sunnhordland museum

RS 18/17 Referat frå årsmøtet Stord Næringsråd 23.mars

RS 19/17 Midlertidig svar - Fordeling av årets KIK-midler

RS 20/17 Lokalhistorisk prosjektgruppe - Årsrapport 2016

RS 21/17 Status for drift av Leirvik fyrstasjon - markering av ny lending

 

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen