Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  20.04.2017 15:00
 
Oppdatert: 20.04.2017 09:54

Komitè for rehabilitering, helse og omsorg 27. april

Høyring hjelpemiddelformidling og Helse2035 er sakene som skal opp i møtet.

Synfaring:

- Legevaktbygget klokka 12.00 - 13.00. Oppmøte ved inngangen til bygget klokka 12.00.

Politiske saker

PS 6/17 Høyring hjelpemiddelformidling

Det er utarbeida rapport på bestilling av eit ekspertutval oppnemnd av regjeringa om ei meir framtidsretta og effektiv hjelpemiddelformidling. Rapporten kjem med tilrådingar for framtidig organisering og ansvarsfordeling på området. Den er grundig og kastar lys over hjelpemiddelfeltet og samanhengar både på struktur- og individnivå.

Framlegg til vedtak:

RHO komiteen vedtek høyringsuttalen slik den ligg føre.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 10-16

PS 7/17 Helse2035 – strategi for Helse Vest RHF. Høyring

Styret i Helse Vest RHF vedtok 2. februar 2017 å sende utkastet til ny strategi, Helse2035, ut på høyring. Helse2020 blei etablert som ein overordna verksemdstrategi i 2007, og blei revidert i 2011. Helse2035 byggjer på Helse2020, men er ei ny og omfattande revidering som rettar seg etter føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan (2016-2019).

Høyringsfristen er sett til 10. april 2017. Det er lagt opp til å handsame strategien i føretaksstyret 11. mai 2017.

Framlegg til vedtak:

Komite for rehabilitering, helse og omsorg godkjenner Stord kommune sitt høyringssvar til Helse2035, gitt i brev av 3. april 2017.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 17-49

Meldingssaker

RS 12/17 Arbeidsplan 17/04

RS 13/17 Økonomirapport mars 2017

RS 14/17 Referat frå fellesmøte Fitjar, Bømlo og Stord

RS 15/17 Oversending av rapport frå tilsyn med Stord kommune 7. - 8. mars 2017

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 50-68 

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen