Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  13.03.2017 13:30
 
Oppdatert: 14.03.2017 23:23

Kommunestyret 23.mars

Utvida forstudie Nysæter ungdomsskule, vurdering av større fleirbrukshall og sal av areal i Grunnavågen er blant sakene som skal handsamast i møtet.

Tid: Torsdag 23. mars klokka 14.00
Stad: Kommunestyresalen

Politiske saker

PS 7/17 Lovlegkontroll, PS 17/1 - Stord Maritime Museum, forholdet til Sunnhordland Museum, vidare drift

Stord kommunestyre fatta 16.02.17. (PS 17/1), følgjande vedtak om Stord maritime museum, forholdet til Sunnhordland museum, vidare drift:
"Dersom partane ikkje lukkast eller ønskjer å vidareføra samarbeidet legg kommunestyre til grunnat eventuell avvikling av samlinga vert finansiert over tilskotet til Sunnhordland museum.Kommunestyret held attende kr 520 000 av tilskotet til Sunnhordland museum for 2017 for å finansiera kostnader med Stord maritime museum.»

Framlegg til vedtak:

Kommunestyret opprettheld sitt vedtak av 16.02.17, sak PS 17/1 pkt. 3.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 17-117

PS 8/17 Utvida forstudie Nysæter ungdomsskule. Vurdering av større fleirbrukshall

Administrasjonen har etter ein forenkla tilbodskonkurranse engasjert Plan vest AS, som har utarbeida rapporten Tilleggsvurdering – alternativ for fleirbrukshall ved Nysæter ungdomsskule. Rapporten viser trealternative plasseringar av fleirbrukshall og fire (to hovudalternativ) for multihall der alternativ 4 ligg nærast opp til hallkomiteen sitt forslag. Hallkomiteen sitt konsept er også utgreidd av Plan Vest, i ein eigen rapport Tilleggsvurdering II – «HALLKOMITEEN alt. 2» Fleirbrukshall ved Nysæter ungdomsskule .

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret tek forstudierapportar om rehabilitering/nybygg Nysæter ungdomsskule og utvida vurdering av større fleirbrukshall til vitande.
  2. Rådmannen får i oppdrag å utarbeida eit forprosjekt. Forprosjektet skal leggja til grunn følgjande:
    - det skal planleggjast for eit nybygg for ungdomsskulen, med unnatak for symjehallen
    - skulen skal planleggjast for tre parallellar, med mogelegheiter for utviding til fire parallellar
    - det skal planleggjast for fleirbrukshall med speleflate 25x45 meter
  3. For plassering av skule og hall skal det takast utgangspunkt i fleirbrukshall alternativ 1 i rapport frå Plan Vest AS.
  4. Forprosjektet skal leggja til grunn byggherre-utvikla prosjekt med bruk av plan- og designkonkurranse som konkurranseform. Komité for oppvekst og utdanning vil ta stilling til gjennomføring av konkurransen i ei eiga sak.
  5. Kommunestyret ber om at det vert sett i gong arbeid med ny reguleringsplan for området med føremål å regulera inn fleirbrukshall med tilhøyrande anlegg.
  6. Kommunestyret vil ved rullering av trafikksikringsplanen vurdera tiltak for sikring av Åsamyrvegen og Utslettevegen.

 

PS 9/17 Prosjekt arealeffektivisering; konklusjon og avslutning

«Prosjekt arealeffektivisering» vart sett i gang av kommunestyret i 2013 gjennom budsjettvedtaket for Stord kommunale eigedom KF. Prosjektet, som skulle evaluere bruk og trong for bygg, anlegg og eigedomar med sikte på å selje bygg/ anlegg som kommunen ikkje trong til eigne føremål, vart seinare overført til rådmannen. Rådmannen fekk i oppdrag å utarbeide ein forstudie for bruk og framtidige behov for kommunale føremålsbygg.

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret viser til saksutgreiinga og tek status i prosjektet til vitande. Prosjekt arealeffektivisering vert avslutta. Attståande prosjekt vert å vidareføra som einskildprosjekt.
  2. Kommunestyret godkjenner at det innanfor ei kostnadsramme på 3,12 mill. kr. inkl. mva. vertgjennomført ei ombygging av Ske-bygget på Heiane slik det er skissert i saksutgreiinga.Kommunestyret garanterer for at Stord kommunale eigedom AS tek opp eit lån for å finansiera utbygginga.
  3. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale om nye lokale for eininga rekneskap og løn.
  4. Kommunestyret ber om at det vert utarbeida eit forstudie på å byggja avlastningsbustader for funksjonshemma i Sævarhagen.
  5. Kommunestyret vil ikkje gå vidare med ei større fortetting av rådhuset, men legg til grunn at rådmannen arbeider vidare med å utbetra bygget m.o.t. ventilasjon, branntryggleik, slusing og anlegga eit mindre tal nye kontorplassar. Kommunestyret ønskjer å i størst mogeleg grad å samla dei kommunale tenestene og vil vurdera eit tilbygg på rådhuset. Kommunestyret legg til grunn at rådmannen kjem attende med ei nærare vurdering av dette.
  6. Kommunestyret vil ta stilling til opprysting/ombygging av Nattrutekaien 9 og 11 i ei eiga sak.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 358-381

PS 10/17 Budsjettendring, overføring av unytta løyving investering og tiltakspakkemidlar frå 2016 til 2017

Investeringsrekneskapen er som driftsrekneskapen eittårig. Det er komen ein vegleiar om budsjettering av investeringar og avslutning av investeringsrekneskapen som presiserer dette. For å hindre stans i prosjekta kjem budsjettendringa allereie no, ein ventar ikkje til første budsjettrevisjon. 

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret vedtek å auke investeringsbudsjettet for 2017 med kr 155 762 048,59 i samsvar med saksutgreiinga, som ei vidareføring av unytta løyvingar frå 2016 (unytta lånemiddel og fond).
  2. Kommunestyret vedtek å auke investeringsbudsjettet for 2017 med kr 3 871 284 i samsvar med saksutgreiinga, som ei vidareføring av unytta investeringsmidlar frå tiltakspakken 2016. 
  3. Kommunestyret vedtek å auke driftsbudsjettet for 2017 med kr 501 781,65 i samsvar med saksutgreiinga, som ei vidareføring av unytta driftsmidlar frå tiltakspakken.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 382-387

PS 11/17 Sal av areal i Grunnavågen

Erko Settefisk AS ynskjer å kjøpa areal i Grunnavågen i samband med bygging/utbygging av settefiskanlegg.

Framlegg til innstilling:

Kommunestyret vedtek å selja 962 m2 areal frå gnr. 53 bnr. 3 i StordKommune, Hamnestellet til Erko Settefisk AS i samsvar med vedlagte situasjonsplan og utkast til avtale. Arealet vert selt til takst, og kjøpar tek i tillegg kostnader ved flytting av tilkomstveg til kommunalt areal i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Salsinntektene vert sett på ubunde investeringsfond.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 388-413

PS 12/17 Auke av gravfesteavgifta i Stord kommune

Stord kyrkjelege fellesråd skriv at dei «er i ein krevjande økonomisk situasjon». Hovudinntektskjelda til fellesrådet er rammetilskot frå kommunen, som aukar med kommunal deflator (løns- og prisvekst) kvart år. Auke i festeavgifta er ein av svært få mogelege inntektspostar til fellesrådet. Dersom ein samanliknar med andre kommunar i prostiet og elles i Hordaland, ser ein også at Stord ligg lågt. Rådmannen ser og at fellesrådet har ein utfordrande økonomi og stør tilrådinga, sjølv om det vert ein auke ut over prisstigninga elles.

Framlegg til innstilling:

Stord kommunestyre vedtek å auke festeavgifta i Stord kommune frå kr 250 til kr 350 per år med verknad frå 1.1.2018.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 414-419

Meldingssaker

  • RS 5/17 Protokoll etter møte i kontrollutvalet 23.02.17
  • RS 6/17 Kultur- og verdiplakaten - revisjon 2016
  • RS 7/17 Budsjett og økonomiplan
  • RS 8/17 Endringar i årsrekneskapen for 2016
  • RS 9/17 Kontrollrapport 2016 vedkomande skatteoppkrevjarfunksjonen for Stord kommune
  • RS 10/17 Nedlegging av skattekontoret i Stord
  • RS 11/17 Referat frå møte 10 mars - Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Interpellasjonar / spørsmål

  • IS 4/17 Spørsmål frå Krf Brevik/Brosvik til kommunestyret - Parkeringsforholdene ved Stord kyrkje

Orientering

  • OS 3/17 Orientering om Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse ved folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 420-451 

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen