Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Podiet med rådmann, ordførar og sekretær
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  19.05.2017 08:58
 
Oppdatert: 19.05.2017 09:06

Sjå opptak frå kommunestyret 18. mai

Opptaket frå møtet i kommunestyret er no tilgjengeleg i vårt videoarkiv.

Møteprotokollen (referatet) skal godkjennast før han vert gjort tilgjengeleg for publikum. Då vil du finna han på kommunestyret si side i innsynsløysinga vår.

Til videoarkiv  

Følgjande politiske saker vart handsama

PS 21/17 Økonomiske handlingsreglar. Gjeldstak. Budsjettstyring – innstilling vert lagt fram i møtet

Stord kommune gjekk i 2016 med eit overskot på 35,1 millionar kroner. Netto driftsresultat var betre enn det anbefalte 1,75 prosent av brutto driftsinntekter. Kommunen er i Kommunebarometeret rangert blant den beste fjerdedelen av norske kommunar. Analyser frå m.a. Telemarksforsking syner og at kommunen sine driftsutgifter er rimeleg godt tilpassa inntektsnivået. Stord kommune sin økonomi er likevel krevjande, noko som i stor grad er knytt til kommunen sitt gjeldsnivå. Kommunen si samla gjeld auka med 250 millionar kroner i 2016, og er no 1,712 milliardar kroner. I økonomiplanperioden 2017-2020 vil gjelda auka ytterlegare. Kommunen sine årlege rente- og avdragskostnader vil om fire år vera rundt ti millionar kroner høgare. Saman med auka driftskostnader som følgje av m.a. nye sjukeheimsplassar vil dette gje store utfordringar for budsjettarbeidet frametter.

Kommunestyret vedtok dette i samband med budsjettet for 2017 (vedtakspunkt 1 w) i budsjettvedtaket:

«Kommunestyret ber rådmannen greia ut konsekvensane ved innføring av eit gjeldstak»

Rådmannen legg her fram ei samla sak om overordna handlingsreglar for økonomistyring, som også tek opp i seg driftsresultat, disposisjonsfond og premieavvik. Saka handsamar og spørsmålet om disposisjonsfond for einingane (overføring av under-/overskot), jf. kommunestyret sitt vedtak av 20.april 2017 (sak PS 17/17):

«Kommunestyret ber rådmannen leggja fram sak om alternative tiltak for å sikra målsetnad om samla mindreforbruk i einingane i Stord kommune. Eventuell endring i prinsippet om vidareføring av meir- og mindreforbruk skal vera ein del av ei slik sak.»

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret vedtek slike handlingsreglar for økonomiforvaltninga i Stord kommune frå og med budsjettåret 2018:

    Stord kommune har som mål at netto driftsresultat skal tilsvara netto inntekter frå eigedomsskatten, minimum 1,75 prosent av driftsinntektene.

    Stord kommune har som målsetting å byggja opp eit disposisjonsfond tilsvarande 2 prosent av driftsinntektene.

    Kommunestyret har som målsetting at premieavviket ikkje skal auka ut over nivået ved årsskiftet 2016-2017, maksimalt kr. 69,252 millionar.

    Inntil 10 prosent av inntekter frå eigedomsskatten kan settast av til oppbygging av disposisjonsfond og fond for premieavvik.

    Kommunestyret ber rådmannen om å innarbeida handlingsreglane i Økonomireglement for Stord kommune.
  2. Kommunestyret vil som del av budsjetthandsaminga hausten 2017 ta stilling til å innføra eit gjeldstak frå og med 2021.
  3. Kommunestyret vil ikkje utvida ordninga med resultatvurdering av skulane, jf. Økonomireglement for Stord kommune avsnitt 4.2.3.
  4. Kommunestyret viser til saksutgreiinga og legg til grunn at oppfølging av økonomistyringa i einingane også i det vidare har prioritet.

 Nærare saksutgreiing finn du i innkallinga på side 13-22 

PS 22/17 Opparbeiding og finansiering av ny veg til Grunnavågen – innstilling vert lagt fram i møtet

Ny kommunal veg til Grunnavågen har vore tema i mange samanhengar og over lang tid. Prosjektet er eit viktig tiltak for tilrettelegging for næringsutvikling i Sagvågsområdet. Grunnavågen er eit område med potensiale for utviding av eksisterande verksemd og etablering av nye verksemder. Området har stor fleksibilitet grunna nærleiken til sjø og kaianlegg. Stord Hamnestell eig i dag deler av næringsområdet i Men brua til Grunnavågen har avgrensa bæreevne. Ein må ha tilfredsstillande vegtilkomst for å gjere området attraktivt, og for å kunne omsette tomter til marknadspris.

Framlegg til innstilling:

  1. Stord kommunestyre godkjenner forslag til avtale mellom Stord kommune og Stord Havbrukspark AS om opparbeiding og finansiering av veganlegg til Grunnavågen.
  2. Stord kommunestyre godkjenner kjøpekontrakt mellom Stord kommune og Stord Havbrukspark AS om kjøp av parsell frå gnr./bnr. 53/126 i Stord kommune.
  3. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra prosjektet innanfor ei kostnadsramme på kr. 22 500 000 eksklusiv meirverdiavgift.
  4. Kommunestyret godkjenner finansieringsplanen for prosjektet slik den går fram av saksutgreiinga.

Nærare saksutgreiing finn du i innkallinga på side 23-38

PS 23/17 Supplering av medlemer i ulike utval etter Leif Magne Hole, Stordlisto – innstilling vert lagt fram i møtet 

Leif Magne Hole, Stordlisto har gått bort. Han sat som medlem i kommunestyret, i Komité for rehabilitering, helse og omsorg, og i valnemnda. Han var i tillegg varamedlem til formannskapet. Dersom medlemer av kommunestyret trer endeleg ut eller får varig forfall vert det i medhald av kommunelova § 16 nr. 2 automatisk opprykk av varamedlemer i vedkomande gruppe.

Framlegg til innstilling:

Kommunestyret vel følgjande nye medlemer og varamedlemer i kommunale organ etter Leif Magne Hole:

Ny medlem i Komité for rehabilitering, helse og omsorg: ...

Ny medlem i valnemnda: ...

Ny tredje varamedlem til formannskapet: ...

Nærare saksutgreiing finn du i innkallinga på side 39-43

Meldingssaker

RS 17/17 Prosjektskjønn 2017 fordeling

RS 18/17 Referat frå møte i representantskapet i Samarbeidsrådet for Sunnhordland 7. april 

Nærare saksutgreiing finn du i innkallinga på side 44-52

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen