Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  08.02.2013
 
Oppdatert: 17.06.2014

Vassforskrifta

Gjennomføring av vassforskrifta er den norske innføringa av EU sitt vassdirektiv. Føremålet er å ta vare på og forbetra miljøtilstanden i alt ferskvatn, kystvatn og grunnvatn.

Reint og godt vassmiljø er grunnlaget for av vi skal kunne drive fiske, jordbruk og friluftsliv. For å få eit godt vassmiljø må vi ha kunnskap om vatnet og livet i vatn, og setje mål for korleis vi vil ta vare på vassmiljøet. Dette fører til at vi må kartleggje og analysere alle vassdrag, fjordar og kystområde, fastsetje miljømål og kvalitetskrav, lage tiltaksplanar og setje i verk overvakingsprogram. Miljømålet er at det skal bli god tilstand i vassførekomstane seinast innan 2021.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har i arbeidet med vassdirektivet rolla som både kontakt for kommunane og prosjektleiar for vassområde Sunnhordland.

Vassområde Sunnhordland

Vassområde Sunnhordland består av heile eller delar av kommunane Austevoll, Fitjar, Bømlo, Sveio, Stord, Tysnes, Kvinnherad, Etne, Haugesund og Vindafjord. I tillegg omfattar vassområdet også deler av Voss kommune i grensa mot Granvin.

Informasjon om dei viktigaste vassforvaltningsspørsmåla i Sunnhordland er samla i eit eiga dokument. Denne legg grunnlaget for utviklinga av tiltaksanalyse, tiltaksplan og forvaltingsplan for vassområde Sunnhordland.

Vesentlege vassforvaltingsspørsmål - Vassområde Sunnhordland (pdf)

Kari Rydland er prosjektleiar for vassområde Sunnhordland og kontaktperson for vassdirektivarbeidet i Stord og Fitjar.

Om SFLMK

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her. 

Tilsette på SFLMK

Me er fem tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her. 

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Postadresse

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Postboks 83

5418 Fitjar

 

Nettstadkart

Besøk oss på Fitjar (hovudkontor):

Fitjar rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 45 85 00

Opningstid: Mån-fre (9:00-15:00)

Besøk oss på Stord, Leirvik:

Stord rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 49 68 22

Opningstid: Ons (9:00-15:00)

Stord kommune

 Fitjar kommune