Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  30.01.2013
 
Oppdatert: 19.07.2013

Landbruk

"Mangfald–Verdiskaping–Trivsel" lyder visjonen for landbruket i kommunen, slik den er utforma i Landbruksplanen for Stord og Fitjar 2005-2015.

Status for landbruket på Stordøya

Landbruket og brukarane er inne i ei utfordrande tid, der omstilling og nytenking er viktige moment.
 
Det er framleis ein positiv trend innan det tradisjonelle jordbruket, med stadige utbyttingsprosjekt og investeringar i mellom anna gris, bioenergi og mjølkeproduksjon.
 

Talet på mjølkeprodusentar er stabilt. Samla mjølkekvote er 2,3 millionar liter for Fitjar og 1,1 millionar liter for Stord. Vidare held sauehaldet og kjøtproduksjon på storfe seg godt oppe, noko som er særs viktig for å halda kulturlandskapet levande. 

Meir miljøvenleg drift

Det vert eit stadig økande fokus på miljøvenleg drift i landbruket. For å synleggjere miljøverdiane  skal alle som mottar produksjonstilskot lage miljøplan for sitt landbruksføretak. Gjennom miljøplanen vert det set fokus på kulturminner, biologisk mangfald og miljøutfordringar, både for bonden og utadd til samfunnet.

Tiltak mot forureining og kulturlandskapstiltak støttast gjennom regionalt miljøprogram (RMP), som skal stimulere til å ta vare på det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket.

Det vert òg gjeve tilskot gjennom SMIL-ordninga til å halde i hevd viktige område ved skjøtsel av mellom anna beitemark, eng og verneverdige bygg.

Landbruksplan for Stord og Fitjar kommunar 2005-2015

 

Mangfald Verdiskaping Trivsel
Sau på beite Åker Barn som plukker poteter

Stord og Fitjar skal ha eit mangfaldig og eit miljømessig
og økonomisk berekraftig landbruk.

Landbruket i kommunane skal sikrast langsiktige rammevilkår. Landbruket i Stord og Fitjar
skal gjennom produksjon av varer, tenester og skjøtsel av kulturlandskap bidra til eit godt livsmiljø for alle innbyggjarane.

 

Om SFLMK

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her. 

Tilsette på SFLMK

Me er fem tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her. 

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Postadresse

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Postboks 83

5418 Fitjar

 

Nettstadkart

Besøk oss på Fitjar (hovudkontor):

Fitjar rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 45 85 00

Opningstid: Mån-fre (9:00-15:00)

Besøk oss på Stord, Leirvik:

Stord rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 49 68 22

Opningstid: Ons (9:00-15:00)

Stord kommune

 Fitjar kommune