Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Landbruksbygg
Av:  SFLMK
Publisert:  30.04.2015 09:00
 
Oppdatert: 30.04.2015 09:34

Prosjekt «Ledige landbruksbygg»

- støtte til fagleg rettleiing

SFLMK vil informera om at det står att nokre midlar i prosjektet og eigarar av ledige landbruksbygg bør nytta høve til å søkje om pengar til fagleg rettleiing med siktemål å skape ny næring. Dette gjeld både statusvurdering av bygningen, men også andre aktuelle utlegg knytt til forretningsutvikling.

Bakgrunnen for støtta er følgjande:

  1. Stimulere til iverksetjing av idear/planer med siktemål å skape ny næring i gamle landbruksbygg
  2. Sikre bygningsarv og kulturhistorie ved at ein tek naudsynlege omsyn under restaurering og ombygging.

Fylkesmannen kan støtte 75% av kostnaden inntil kr 6000,- dvs eit tilskot inntil kr 4500,- per prosjekt (det blir ikkje gitt tilskot til evnt. moms).

Søknad skal sendast SFLMK  ved/Kari Rydland (e-post: kary@fitjar.kommune.no) og bør innehalde opplysningar om

a)      Bygget

b)      Eigedomsforhold

c)       Kva konkrete planer for næring eigar har med tiltaket.

Prinsippet om «første mann til mølla» gjeld.

 

Med venleg helsing

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

v/Kari Rydland

Om SFLMK

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her. 

Tilsette på SFLMK

Me er fem tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her. 

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Postadresse

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Postboks 83

5418 Fitjar

 

Nettstadkart

Besøk oss på Fitjar (hovudkontor):

Fitjar rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 45 85 00

Opningstid: Mån-fre (9:00-15:00)

Besøk oss på Stord, Leirvik:

Stord rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 49 68 22

Opningstid: Ons (9:00-15:00)

Stord kommune

 Fitjar kommune