Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Helikopter
Av:  Stord kommune
Publisert:  02.08.2013
Foto: SFLMK
Oppdatert: 02.10.2013

Motorferdsel

Motorferdsellova har som utgangspunkt at motorisert ferdsel i utmark og vassdrag ikkje er tillate.

Har du behov for å nytte motorkøyretøy, motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til føremål som ikkje er offentleg godkjende nytteføremål, må du søkje kommunen om fullmakt.

Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak er bruk av motorkøyretøy til til dømes redningsteneste, jord- og skogbruksnæring og faste bustader tillate etter lova, medan for ferdsel til andre føremål må du ha fullmakt frå kommunen. Merk at du ikkje kan få løyve til turkøyring.

Vilkår

Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift til høgre). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter
 

  • når fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte o.a.)
  • når hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
  • når institusjonar eller ideelle organisasjonar har gruppeturar for bebuarar, pensjonistar eller funksjonshemma

I unntakstilfelle og når det ligg føre særskilte grunnar, kan kommunen gje løyve til motorferdsel som er knytta til føremål som forskrifta ikke nemner spesielt. Du må ha eit særskilt behov som ikkje kan bli dekt på annan måte, og som ikkje er knytta til turkøyring. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering. Behovet ditt blir vurdert mot moglege skadar og ulemper. Det skal mykje til før ein kan gje ein slik dispensasjon. Generelt er det vanskelegare å få dispensasjon for å køyre på barmark enn på snødekt mark. Før det blir gjort vedtak som har innverknad på naturmangfaldet, skal kommunen òg vurdere ein del miljørettslege prinsipp (sjå naturmangfaldlova).

Rettleiing

Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Vedlegg

  • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
  • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
  • Kart som viser køyretraseen
  • Eventuell dokumentasjon av særlege behov

Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid.

Saksbehandling

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

 

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Om SFLMK

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her. 

Tilsette på SFLMK

Me er fem tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her. 

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Postadresse

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Postboks 83

5418 Fitjar

 

Nettstadkart

Besøk oss på Fitjar (hovudkontor):

Fitjar rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 45 85 00

Opningstid: Mån-fre (9:00-15:00)

Besøk oss på Stord, Leirvik:

Stord rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 49 68 22

Opningstid: Ons (9:00-15:00)

Stord kommune

 Fitjar kommune