Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  08.02.2013
 
Oppdatert: 15.10.2013

Skogbruk



Status for skogbruket i Stord og Fitjar

I totale skogbruksarealet på omlag 47.000 daa. Av dette arealet er 42.000 daa barskog og 5.000 daa lauvskog. Dei tilsvarande areala i Fitjar er 37.000 daa som deler seg på omlag 25.000 daa barskog og 12.000 daa lauvskog. I samband med skogsdrift er det også naudsynt med skogsbilvegar for å dra ut tømmeret. Per 31.12.1997 er det bygd 113 km skogsvegar i Stord og ca 50 i Fitjar. Berre i Stord er det planlagd 43 km nye skogsvegar fram til år 2020.

Sentrale oppgåver for SFLMK

  • Handsaming av saker etter Lov om skogbruk.
  • Forvaltning av skogfond og tilskot til skogkultur.
  • Planlegging og godkjenning av skogsvegar.
  • Rådgjeving og rettleiing innanfor skogskjøtsel.
  • Informasjonsarbeid

Viktige aktørar i skogforvaltninga

Utanom SFLMK har Fylkesmannen i Hordaland ein sentral rolle i forvaltninga, der ligg det overordna ansvar for skogfondrekneskapen, fordeling av statlege tilskotsmidlar til kommunane og direkte fordeling av tilskot til skogsvegar og drift med taubanar og hest.Fylkesmannen driv og med rådgjeving, kompetansebygging og næringsutvikling.

Vestskog BA er ein samvirkeorganisasjon som er tilslutta Noregs skogeigarforbund. Hoved- oppgåva deira er kjøp og sal av tømmer. Vestskog har eigne folk som driv med driftsplanlegging og ordnar alt det praktiske rundt tømmerdrifter. Dei er største aktøren på tømmeromsetnad i regionen, men dei driv også med ei rekkje andre oppgåver som skogbruksplanlegging, næringpolitikk, kompetansebygging, utmarksforvaltning og næringsutvikling.

Om SFLMK

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her. 

Tilsette på SFLMK

Me er fem tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her. 

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Postadresse

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Postboks 83

5418 Fitjar

 

Nettstadkart

Besøk oss på Fitjar (hovudkontor):

Fitjar rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 45 85 00

Opningstid: Mån-fre (9:00-15:00)

Besøk oss på Stord, Leirvik:

Stord rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 49 68 22

Opningstid: Ons (9:00-15:00)

Stord kommune

 Fitjar kommune